FUG-leiaren som skapte nasjonal leksedebatt

Elisabeth Strengen
Elisabeth Strengen sat som FUG-leiar frå 2013-2015. foto: privat

Elisabeth Strengen var ikkje ein gong nestleiar då ho fekk tilbod om å overta leiarrolla i FUG i 2013. – Det var nok kanskje den morosamaste tida i livet mitt, seier ho.

Det var i oktober 2013 det hende. Berre litt over halvanna år ut i utvalsperioden 2012–2015 fekk dåverande FUG-leiar Cristopher Beckham draumejobben som nestleiar i organisasjonen Handel og Kontor. Noko motvillig forlét han leiarvervet, og då alle andre trudde vervet skulle gå til nestleiar Christian Hellevang, fall valet på Elisabeth Strengen.

– Christian, som var nestleiar, takka nei til å ta over som leiar. Eg var eigentleg veldig overraska og lurte på om det var noko som var feil då dei spurde om eg ville bli ny leiar. Eg visste jo at Christian hadde takka nei, og eg var positiv til å ta over, særleg fordi han ønskte å halde fram som nestleiar. Eg var fantastisk fornøgd med både nestleiaren og resten av utvalet, skryter Strengen.

Takkar Beckham

Ho er tydeleg på at grunnlaget Christopher Beckham hadde lagt, gjorde det enklare for henne å ta over leiarvervet.

– Eg blei nominert til utvalet av Senterkvinnene, Senterpartiets kvinneorganisasjon, og var van med deira organisasjonsarbeid og politikk frå tidlegare. Christopher på si side kom frå arbeidarrørsla. Plutseleg sat eg der i møte og tenkte: Det er slik møte burde leiast. Christopher var heilt fantastisk. Måten han leia møta på, gjorde at eg følte meg trygg då eg skulle ta over.

Om utvalet elles oppsummerer ho det på følgjande vis:

– Det var ein fint samansett gjeng, både geografisk og ut frå interesser. Vi hadde gode diskusjonar, og i det heile var det veldig gøy på utvalsmøte. Punktum, smiler ho.

– Føler deg litt konge

Vel på plass i leiarvervet fekk ho det travelt. Då passa det godt at ho berre hadde ei deltidsstilling i Senterkvinnene ved sida av.

– Den største utfordringa er at du skal representere alle foreldra i Noreg. At du alltid skal sørgje for at du representerer mykje meir enn deg sjølv. Det var det eg var mest redd for, at eg skulle ende opp med å bli Elisabeth Strengen, ikkje leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæringa, seier ho og held fram:

– Eg kan ikkje skryte nok av korleis sekretariatet og nestleiaren hjelpte meg og sparra med meg. Eg hadde backing i alle endar, så du går rundt og føler deg litt konge. Eg har aldri hatt det så gøy i livet mitt.

Den store leksedebatten

Det er ei sak som står igjen som den aller største i Elisabeth sin periode. Saka kom opp ved eit tilfelle.

– Eg hugsar at Aftenposten ringde om ei heilt anna sak. Då journalisten var ferdig med spørsmåla sine om det temaet, spurde han meg om det var andre ting vi var opptekne av. Då nemnde eg dette med at lekser bør reduserast til eit minimum i skolen. Eg ringde nestleiaren og dobbeltsjekka om dette var noko vi kunne gjere, og han sa «go!». Etter dette blei det eit valdsamt medietrykk.

«Leiaren i Foreldreutvalet vil avskaffe lekser», heitte det i ei VG-sak frå november 2014. Strengen møtte til leksedebatt i Dagsnytt 18 og fekk både skryt og motbør i avisartiklar og lesarinnlegg.

– Eg gjekk inn i utvalet og syntest lekser var ein fin ting. Så lærte eg såpass mykje om dette på kort tid i utvalsmøta at eg endra syn. Det som var utslagsgivande for meg, var at leksene reproduserer ulikskapar og gir elevar med gode føresetnader endå betre føresetnader.

– Korleis var diskusjonen om dette i utvalet?

– Eg hugsar at det var temperatur, men det var aldri noko oppheta. Det var ein sakleg debatt som enda i ei sakleg avrøysting til slutt, der mindretalet heldt seg til fleirtalet. Vedtaket lydde vel noko sånt som at vi var kritiske til lekser, men vi ønskte ikkje noko forbod. Vi inngjekk eit slags kompromiss om at dersom det skulle vere lekser, måtte det vere repetisjon av kjent stoff.

Tenner, inn- og utland

Av andre saker som gjekk meir under radaren, minnast ho at ho sat i arbeidsgrupper i førearbeidet til den då nye læreplanen (Kunnskapsløftet). Ho fekk smake på tunge fagord og omgrep innanfor tannhelse før Stortinget i 2015 vedtok å flytte den offentlege tannhelsetenesta frå fylka til kommunane. Dette vedtaket blei seinare reversert, men FUG beit frå seg med foreldreperspektivet i prosessen.

– Så hugsar eg at det var mykje forskjellig representasjon både i inn- og utland. Det var veldig lærerikt og interessant å sjå kor ulikt syn ein har på kva skole er og bør vere rundt omkring i verda.

På jakt etter jobb

Då Strengen sat som utvalsleiar, budde ho i Østfold. No har ho for lengst flytta til Hamar.

– I dag er eg noko så sjeldan som ein arbeidssøkjande lærar. Det høyrest nok litt spesielt ut med tanke på kor stort behovet er for lærarar, men etterspurnaden er ikkje heilt den same på Hamar, i og med at vi har ein stor utdanningsinstitusjon for lærarutdanning her. Eg har ein jobb som tilkallingsvikar, men då har eg ikkje gleda av å jobbe 100 prosent som lærar med planlegging av timar og så vidare.

– Kva tenkjer du om skole-heim-samarbeid i dag, både som lærar og tidlegare FUG-leiar?

– Eg står nok inne for det same som eg gjorde den gongen. Utfordringa for lærarar er å finne ein balanse mellom foreldra sitt ønske om det beste for sitt eige barn og omsynet til elevgruppa som heilskap. Dette har ikkje endra seg, men tilspissa seg litt. Det er feil å seie at foreldre flest ikkje har respekt for skolen, men dei som ikkje har respekt, står veldig hardt på barrikadane og mistar gangsynet i forhold til heilskapen. Samtidig har eg teke med meg eit sitat frå tidlegare sekretariatsleiar Gro Hexeberg Dahl inn i lærargjerninga: Foreldra sender dei beste ungane dei har på skolen.

Utval 2012 – 2015:

Christopher Beckham, leder t.o.m. 14.10.2013, Hordaland. Ingrid Elisabeth Strengen Gundersen, Østfold, leder f.o.m. 15.10.2013. Christian Hellevang, nestleder, Akershus. Ubah Abduqadir, Oslo. Laila Aleksandersen Nutti, Finnmark. Synøve Buan, Oslo. Øyvind Næss (t.o.m. 31.12.2013), Sør-Trøndelag. Tom Wennemo, Nordland. Helge Woie, Aust-Agder.

Her kan du finne utvalsmedlemmer frå andre periodar

Forlot FUG for draumejobben

Christopher Beckham
På biletet ser du Christopher Beckham. foto: privat

Christopher Beckham er den einaste FUG-leiaren som ikkje har sete ut perioden. Årsaka var draumejobben, som igjen førte til det som skulle vise seg å bli den ultimate draumejobben.

– Det var veldig ærefullt å bli oppnemnd til leiarvervet i Foreldreutvalet for grunnopplæringa, seier Christopher Beckham.

Bergensaren, som for mange er kjend som forbundsleiar i Handel og Kontor i Noreg, har travle dagar, men rekk ein kort prat mellom møte på Nordvestlandet.

– Korleis hamna du i FUG?

– Eg blei foreslått av FAU ved Evanger barne- og ungdomsskule. Då eg høyrde at dei ville foreslå meg, tenkte eg: Haha, det kjem aldri til å skje. Men eg blei teken inn som første varamedlem i perioden 2008–2011 og deretter som leiar i den andre perioden min, hugsar han.

Skreiv høyringssvara sjølve

Tobarnsfaren sat i leiarvervet frå januar 2012 til og med oktober 2013.

– Vi hadde eit veldig aktivt utval som laga utkast til høyringssvar sjølve. Så fekk vi hjelp av sekretariatet, som tok ein siste gjennomgang og finlas høyringssvara før dei blei sende vidare. Dette var ein fin måte å aktivisere utvalet på og sørgje for ei tydeleg foreldrestemme i høyringane.

Ifølgje bergensaren hadde han ein god dialog med dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

– Det var ikkje alltid vi var einige om alt, men vi blei godt tekne imot.

Draumejobben

– Når det gjeld tema, snakka og jobba vi mykje med korleis vi kunne førebyggje mobbing i skulen. Vi hadde òg ein god dialog med samarbeidspartnarar om tidleg innsats mot skulefråvær.

Hausten 2013 takka Beckham for seg til fordel for nestleiarrolla i Handel og Kontor.

– Eg brukte seks veker på å bestemme meg for å hoppe av som FUG-leiar. Grunnen til at det blei slik, var at eg syntest det ville vere vanskeleg å vere nestleiar i det tredje største LO-forbundet i Noreg og leiar i FUG på same tid, seier han og held fram:

– Der og då trudde eg at eg hadde fått draumejobben, men no har eg draumejobben som forbundsleiar. Så må eg jo leggje til at leiarvervet i FUG nok hadde mykje å seie for at eg fekk jobben som nestleiar i HK Norge. Eg fekk høyre at eg blei lagd merke til på ein annan måte då eg sat som leiar i FUG. Då såg dei at eg kunne leie ein organisasjon på vegner av mange, ikkje berre dei få, slik eg gjorde då eg hadde lokale fagforeiningsverv, avsluttar han.

Forfatter Bjørnar Hagen Vika

Sist oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev.