– Populistiske blaff skaper ikkje kontinuitet

Dagen etter at Marius Chramer hadde gjennomført sitt første ordinære utvalsmøte med FUG, stengde landet ned, og elevane måtte ha heimeskole. – Då var det ikkje lenger tvil om kor viktig skole–heim-samarbeidet var.

Snøen har lagt eit sedvanleg lag over Tromsø når vi får ein prat med Marius Chramer. Det er ikkje berre, berre å sjå tilbake på utvalsperioden 2019–2023. Både FUG og FAU skulle fjernast frå opplæringslova, og plutseleg blei skolekvardagen riven bort av eit mystisk virus frå Kina.

Før pandemien tok over, rakk det ferske utvalet å møtast to gonger, men då dei reiste kvar til sitt 11. mars 2020, skulle det gå sju månader før dei møttest igjen. Teams blei kvardagskost, og kalenderen viste oktober før utvalsmedlemmene igjen såg kvarandre i kjøt og blod.

– Det blei eit spesielt fellesskap i utvalet av det òg. Vi måtte på ein måte finne opp krutet på nytt.

Med pandemien kom den eine endringa etter den andre. Det var ikkje fritt for at det blei mange uvanlege høyringar å ta tak i.

– Vi skoleforeldre og barnas mulighet til å gå på skole kom veldig i fokus. Vi måtte omstille tankegangen ganske kraftig i den nye kvardagen og ta stilling til nye problemstillingar som skapte utfordringar for heile samfunnet. Samtidig handla rolla til FUG om å trygge foreldre i ein ny kvardag, saman med dei andre instansane.

Medietrykk

Samarbeidet mellom skole og foreldre blei sett på tidenes prøve.

– Det blei raskt eit hyperaktuelt tema. Vi såg tidleg at skole–heim-samarbeidet ikkje fungerte så godt som det skulle rundt omkring. Pandemien berre varte og varte. Det var ei veldig spesiell tid, og vi kjenner enno ikkje alle konsekvensane av å sende alle elevane heim.

Utvalsleiaren hadde knapt rukke å få medietrening før telefonen gjekk i eitt sett.

– Eg meiner det gjekk frå trening til ekte intervju på dagen.

Berre nokre veker inn i pandemien gjennomførte FUG ei spørjeundersøking blant foreldre om korleis skole–heim-samarbeidet fungerte. Dei største nasjonale media kasta seg over undersøkinga, og Marius Chramer måtte analysere.

– Hektisk, men veldig gøy.

Inneklima

Nok prat om pandemien. For utvalet rakk etter kvart ei rekkje fysiske møte òg. Dei fleste i Oslo, men det blei også treff i Tromsø, Bergen, Larvik og Trondheim.

– Desse reisene, der vi fekk besøkje skolar og sjå korleis andre kommunar jobba med skole–heim-samarbeidet, og det å bli tatt på alvor som ein representant for foreldra, var eit høgdepunkt. Så må eg leggje til at desse utvalsmøta var rigga utruleg bra av sekretariatet.

Ei anna sak som skulle setje sitt preg på Chramers tid i leiarstolen, var jobben for eit betre inneklima i norske skolar.

– Det starta med ein lang lokal kamp for ein betre skole for eigne barn. På den lokale skolen vår gjekk både mor mi, som snart er 80, eg og mine eigne barn, og framleis har det ikkje skjedd noko, seier han og er takksam for at utvalet støtta han i kampen.

– Med den fine foreldregruppa vi hadde i utvalet, var det stort sett slik at dersom nokon var opptatt av noko, fekk dei gehør. Slik var det for meg med inneklimasaka. Jo meir vi jobba med temaet, jo meir innsåg eg at dette var eit enormt nasjonalt problem.

Med mange på lag

Små og store medium frå nord til sør i landet kontakta FUG og ville ha det nasjonale foreldreperspektivet på skolebygg med mugg, mus og rotter.

– I tillegg hadde inneklimasaka enorm gjenklang hos lærarorganisasjonane. Vi fekk veldig tydeleg nasjonal merksemd rundt problemstillinga og nådde også inn på Stortinget med spørsmål om ny innføring av rentekompensasjonsordninga, hugsar Chramer og held fram:

– Utfordringa var, som ho ofte er, at regjeringa spelte ballen tilbake til kommunane: «Vi høyrer kva de seier, men dette må kommunane ordne opp i sjølve ved hjelp av dei frie midlane.» Så kan ein jo spørje seg kor realistisk det er å tru at kommunane skal klare å prioritere innemiljøet til barna med den enorme eldrebølgja vi står overfor.

Kampen for skoledemokratiet

Ei anna sak som prega utvalsperioden, var kampen for at FUG framleis skulle vere lovfesta i opplæringslova. I det opphavlege forslaget til ny opplæringslov frå 2019 var både FUG, FAU og dei andre medverknadsorgana i skolen føyste ut.

FUG blei berga etter første runde ganske tidleg i 2020, men FAU, skolemiljøutvalet og samarbeidsutvalet stod framleis på spel, og gjorde det i store delar av perioden.

– Det var ein del politiske krumspring som gjorde at vi aldri kunne sleppe saka. Foreldrerolla i skolen heldt på å bli avkledd. For å løfte fram kor viktig det er å byggje demokrati frå barnsbein av, kan vi også dra inn Ukraina, som blei angripe i 2022. Når alt kom til alt, hadde vi enorm støtte og ei felles semje om å stå opp for skoledemokratiet frå Elevorganisasjonen, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet. Kven skulle stå opp mot elevar, lærarar, rektorar og foreldre? Det var berre så sterkt.

For ordens skuld: FAU er framleis pålagt i lova – dei andre utvala forsvann då opplæringslova kom i 2024.

Legitimiteten i rolla

Og det er nettopp denne krafta og evna til å påverke Chramer meiner gir FUG legitimitet.

– Det er fint at kjendisforeldre får tilgang til ministeren og politikarar rundt enkeltsaker, men det blir populistiske blaff. Det skaper ikkje kontinuitet og har ikkje den faglege forankringa som FUG har. Skolelederforbundet, Utdanningsforbundet og Elevorganisasjonen går jo ikkje til enkeltforeldre når dei jobbar med ei viktig sak, dei tar det med FUG. Som FUG-leiar burde eg sikkert ha vore mykje flinkare til å minne meg sjølv på at ein har heile skoledemokratiet i ryggen, seier han.

Etter dei fire åra med skoledemokratiet i ryggen gjekk han med full kraft tilbake til jobben som leiar for strategistaben i Troms fylkeskommune. Vervet i FUG var ikkje det einaste han gav seg i. Engasjementet i Nasjonal rassikringsgruppe, som jobbar for å gjere det tryggare å ferdast på riks- og fylkesvegane i Noreg, er også eit avslutta kapittel. No er berre eitt av tre barn framleis i grunnskolen.

Fleire år i skolen

– Korleis opplever du skole–heim-samarbeidet i dag?

– Det er framleis ei utfordring å få foreldra til å kople seg på. Når det er sagt, synest eg det er skremmande å sjå kor lite skolane har sett seg inn i kor viktig det er å skape eit lag blant foreldra. Det er framleis informasjonsbombing på foreldremøta og ikkje godt nok lagt til rette for at foreldra skal bli kjende med kvarandre, seier han og understrekar at han snakkar ut frå lokale forhold slik han sjølv opplever dei.

– Det som er bra, er at vi får leksene og bøkene heim i ranselform. Det er betre. Og så synest eg at det er blitt betre når det gjeld medvit rundt det digitale.

Engasjementet har ikkje minka med alderen, og framleis har 54-åringen mange år igjen som skolepappa.

– Herman som fyller sju, går framleis på skolen som far og bestemor gjekk på, og klasserommet er i ein 15 år gammal mellombels brakkerigg – skolens beste bygg, avsluttar han, lettare oppgitt.

Utval 2020 – 2023: Marius Chramer, leder, Troms, Marie Skinstad-Jansen, nestleder, Østfold, Violet Weli, Oslo, Stig Oprann, Telemark, Audun Fiskum, Trøndelag, Lars Nordgård, Trøndelag, Renate Toft, Vestland, Linda Sandåker, Troms, Sara Marja Magga, Finnmark

Forfatter Bjørnar Hagen Vika

Sist oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev.