Tilrettelegging i skolen inneber å sjå born og unge sitt behov, evner og moglegheiter og jobbe for å møte desse på best mogleg måte.
Tilrettelegging kan til dømes omhandle fagleg innhald, fysisk læringsmiljø eller undervisningsorganisering.
Utsett og tidleg skolestart
Foreldre kan søke om- eller samtykke til utsett skolestart for barnet. Dette krevjar ei sakkunnig vurdering.
Dersom den sakkunnige vurderinga gjer tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år, skal kommunen la barnet byrje på skolen eit år seinare.
Foreldre kan og søke om- eller samtykke til tidleg skolestart (det året barnet fyller fem år). Dette krevjer ei sakkunnig vurdering som viser at tidleg skolestart er forsvarleg.
Klasser og grupper – inkludering i skolen
Alle elevar har rett til å høyre til i ein klasse, og skal ha så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper. Klassane og gruppene skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg, og dei skal setjast saman slik at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse og respekt for kvarandre.
Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dei kan berre delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Elevane kan ikkje delast inn i grupper etter etnisitet.
Tilfredsstillande utbytte av opplæringa
Lærarane er plikta til å følgje med på utviklinga til elevane og melde frå til rektor dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om det må til, skal skolen setje i verk eigna tiltak som til dømes tilpassa opplæring eller intensiv opplæring.
Skolen skal vurdere om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging. Dette kan skje i form av personleg assistanse, fysisk tilrettelegging, tilgang på tekniske hjelpemiddel eller individuelt tilrettelagd opplæring.
Tilpassa opplæring (TPO)
Ei skoleklasse består av born og unge med ulike behov, erfaringar, forkunnskapar og haldningar. Opplæringslova §11-1 fastslår at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine. Men kva vil det seie i praksis?
Det finst ikkje éin bestemd metode eller eitt fasitsvar på kva tilpassa opplæring inneber. Nettopp fordi det handlar om å legge til rette for ei opplæring som tek hand om både fellesskapet og kvar enkelt elev, slik at alle får best mogleg utbytte av skolekvardagen. Tilpassa opplæring kan til dømes vere å tilretteleggje for varierte arbeidsformer, læringsressursar, læringsarenaer og aktivitetar. Ein skal sjå kvar enkelt elev, men samtidig bruke mangfaldet i klasserommet som ein ressurs for alle.
Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn
Intensiv opplæring handlar om å kunne gje elevar på 1.-4. trinn rask og egna hjelp viss dei står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning. Den intensive opplæringa kan givast på ulike måtar, også som eineundervisning for ein kort periode dersom det synest å vere best for eleven. Målet med intensiv opplæring er å hindre at utfordringane veks seg større og blir eit hinder for vidare læring.
Personleg assistanse
Dersom elevar treng personleg assistanse for å kunne delta i opplæringa og få eit tilfredsstillande utbytte, har dei rett på slik hjelp utan at det krevjast sakkunnig vurdering.
Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel
Elevar som treng fysisk tilrettelegging eller tekniske hjelpemiddel for å kunne delta i opplæringa med eit tilfredsstillande utbytte, har rett på dette utan at det krevjast sakkunnig vurdering. Elevane har også rett til opplæring i bruk av det utstyret dei er tildelt.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i mobilitet slik at dei kan komme seg til og frå skolen og ta seg fram på skolen og i heimemiljøet.
Individuelt tilrettelagd opplæring (tidligere spesialundervisning)
Individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) er det som før blei kalla spesialundervisning. Viss ein elev ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den vanlege opplæringa, kan han eller ho ha rett til individuelt tilrettelagt opplæring. Det kan til dømes vere å jobbe etter andre læringsmål i eit eller fleire fag, eller få hjelp og støtte i samspelet med andre barn og vaksne. Oppfølging av ein lærar eller andre ansatte i skulen kan vere ein del av denne opplæringa.
Tilrettelegging i SFO for born med særskilde behov
Ifølgje opplæringslova § 4-5 skal kommunen tilby skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for born med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få god moglegheit til å utvikle seg.
Tilrettelegging ved nasjonale prøver
Det er reglar for korleis nasjonale prøver skal gjennomførast for at elevane skal målast likt. Likevel er det mogleg å gjere tilpassingar i ein viss grad for enkelte elevar som ikkje har rett til fritak fra nasjonale prøver. Det er rektor som vurderer kva for tilrettelegging ein elev treng for å gjennomføre prøva på ein god måte. Vurderinga gjerst samen med læraren som kjenner eleven best. Skolen må ha tett samarbeid med foreldra undervegs i prosessen. Elevar med dysleksi eller andre betydelege og vedvarande lesevanskar kan bruke lesestøtte som hjelpemiddel på alle prøver.
Tilrettelegging ved eksamen
Elevar og privatistar har rett til særskild tilrettelegging av eksamen dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt elev eller privatist så langt det er mogleg, men eleven eller privatisten må bli prøvd i kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre eksamenskandidatar. Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde. Elevar og privatistar må søkje kommunen eller fylkeskommunen om å få særskilt tilrettelagd eksamen. Kommunen eller fylkeskommunen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn.