
Alle kommunar skal ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO) for elevar på 1.–4. trinn. Dette gjeld òg for born med spesielle behov på 1.-7. trinn.
Barna har ikkje krav på plass, men i praksis er det som regel eit tilbod til dei som ynskjer det. Fra og med august 2023 er delvis gratis SFO for elevar i første og andre klasse.
Forskjell på SFO og AKS?
Det er inga forskjell på SFO og AKS. Aktivitetsskolen (AKS) er namnet Oslo-skolen har valgt for SFO. Lik skolefritidsordninga er aktivitetsskolen eit tilbod til elevar før og etter skoletid. I artikkelen bruker vi SFO som forkorting for begge.
SFO skal vere ein trygg opphaldsplass for barna utover skoletida. Kapittelet i opplæringslova 9A som omhandlar elevane sitt skolemiljø, gjeld difor òg i skolefritidsordninga.
Her skal barnet få omsorg og tilsyn, og det skal leggast til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. Skolefritidsordninga skal vere tilpassa behovet til barna og dei føresette.
12 timar gratis SFO/AKS
Ved skulestart hausten 2022 vart det innført 12 timar gratis SFO/AKS for alle førsteklassingar. Frå 1. august 2023 utvidast ordninga med 12 gratis timar òg til 2. klasse. Kommunane skal gje foreldra tilbod om å fordela dei 12 timane på alle dagane det til vanleg er eit SFO-tilbod, så langt det er praktisk mogleg, heiter det i eit skriv frå regjeringa.
Når det gjeld skolefritidsordning i ferie, må kommunane tilby elevar eit gratis tilbod i delar av denne tida.
LES KVA REGJERINGA SKRIV OM 12 TIMAR GRATIS SKOLEFRITIDSORDNING HER
Kva seier lova?
Alle kommunar har plikt til å tilby skolefritidsordning før og etter skoletid til barn på 1.–4. trinn (opplæringslova §13-7). For barn med særskilde behov gjeld det 1.–7. trinn, men kommunen har ikkje plikt til å tilby skolefritidsordning til alle barn i kommunen med særskilde behov.
Kommunen har ansvar for tilsyn med private skolefritidsordningar, medan staten har tilsyn med dei kommunale.
Alle tilsette i skolefritidsordninga skal levere politiattest.
Rammeplan for SFO

Hausten 2021 vart rammeplan for SFO innført. Rammeplanen gjeld for arbeidet i skolefritidsordninga. Planen presiserer og utdjupar verdigrunnlaget for skolefritidsordninga, samstundes som gjes det rom for lokale variasjonar, satsingar og planar.
Rammeplanen består av seks kapittel:
1. Om rammeplan for skolefritidsordninga
2. Verdigrunnlaget til skolefritidsordninga
3. Innhaldet i skolefritidsordninga
4. Ei inkluderande skolefritidsordning
5. Samarbeid i skolefritidsordninga
6. Kvalitetsutvikling.
HEILE RAMMEPLAN FINN DU HER
BEGYNNE PÅ SKOLE OG SKOLEFRITIDSORDNING? LES MEIR HER