Er det lov å be om fri frå opplæringa midt i skoleåret? I denne artikkelen får du ein oversikt over dei mest sentrale rettane når det gjeld fritak og permisjon for skoleelevar.
Skal du reise på ferie eller ta barnet ditt ut av skolen i løpet av skoleåret? Kanskje du ønsker fritak frå visse aktiviteter grunna tru og livssyn? Da bør du gjere deg kjent med rettane og pliktene vi har i opplæringslova.
Hugs at nokre av reglane har lokale forskrifter, vi anbefaler derfor alltid å ta kontakt med skolen barnet ditt høyrer til.
Rett og plikt til opplæring
Barn har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Rett og plikt til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til Noreg. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader.
Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på
- ein offentleg skole
- ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 i opplæringslova
- ein privat grunnskole som er godkjend etter privatskolelova
- gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. § 22-5.
Elevar kan bytte opplæringstilbod undervegs i opplæringsløpet, men ikkje kombinere to opplæringstilbod på same tid.
Retten til å gå på ein skole i nærmiljøet
Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole.
Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.
Permisjon
Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.
Fritak i samband med tru og livssyn
Opplæringa om emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal samle alle elevar, og medverke til auka forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulikt syn på trudoms- og livssynsspørsmål. Emna skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.
Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei på same grunnlag opplever som krenkjande eller støytande. Fritaket føreset ei skriftleg melding frå eleven eller foreldra, men det trengst ikkje grunngiving.
Ein kan ikkje krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag. Elevar som får fritak frå aktivitetar i opplæringa, skal ha anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald.
Fritak frå opplæring i kroppsøving i vidaregåande
Elevar kan søkje fylkeskommunen om å få fritak frå opplæring i kroppsøving. Dei må leggje fram legeattest om at opplæringa er skadeleg for dei, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg.
Fritak fra opplæringsplikt i grunnskolen
Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.