
Få kan sjå tilbake på fleire år i FUG enn Hilde Sundve Jordheim. I 12 år sat ho der, fire av dei som leiar. – Svært lærerikt, men også ein krevjande balansegang å skulle representere alle foreldre, seier ho.
– Eksistensen til FUG har alltid vore omdiskutert. Vi brukte mykje tid på å sikre at foreldra har eit organ på nasjonalt nivå. Det er ein viktig jobb som eg brukte mykje energi på, men det burde ha vore unødvendig, seier tidlegare utvalsleiar Hilde Sundve Jordheim på telefon frå heimen i Florvåg i Askøy kommune.
Det har gått nokre dagar sidan vi kom i kontakt med henne og spurde om ein prat. I mellomtida har ho fått tenkt litt på åra i FUG og gjort seg nokre notat. Det er ikkje lite ho hugsar, og det er kanskje ikkje så rart etter 12 år i utvalet.
Granska fra A til Å
Ho kom inn i FUG for første gong i 1992, og etter ein periode på fire år som ordinært medlem og deretter ein periode som nestleiar, overtok ho leiarvervet i 2000. Men før vi går tilbake til starten, tek vi ein kikk på noko som skjedde mot slutten av perioden hennar som leiar. Det handla nettopp om dette med legitimitet. I 2003 gjorde Rogalandsforsking ei grundig evaluering av FUG. Det enda opp i rapporten Saman for skulen – evaluering av Foreldreutvalet for grunnskolen.
– FUG vart verkeleg granska frå A til Å. Vi var sjølvsagt svært spente på utfallet, og heldigvis vart det ein rapport som verkeleg legitimerte eksistensen til FUG. Konklusjonen var at midlane vart svært godt utnytta, og effektiviteten var imponerande. Det enda med ein rapport vi var svært nøgde med, og som vi kunne levere vidare til neste leiar.
Det travle 90-tal
Og med det tek vi turen tilbake til 90-talet. Eit travelt tiår der rammene for dagens skolestruktur vart lagde. Vi kan ikkje nemne alt, men tek med oss noko. I jubileumsheftet frå 2016 les vi om FUGs kommunevalkamp Velg skolen! som gjekk av stabelen i 1995. På 90-talet vart det også vedteke at seksåringar skulle begynne på skolen, og utvalet fekk dermed bryne seg på ein ny læreplan for eit tiårig skoleløp.
I 1997 kom Stortingsmelding nr. 14 (1997–98) Om foreldremedverknad i grunnskolen, den einaste stortingsmeldinga i historia som berre har handla om samarbeidet mellom heim og skole. I kjølvatnet av ho vart det også vedteke at representantar til FUG skulle oppnemnast av Kongen i statsråd, og i 1999 fekk utvalet status som eige forvaltningsorgan.
Rundt denne tida vart det vedteke at leiarvervet for første gong skulle lønnast som ei halv stilling. Sekretariatet fekk nytt kontor i Møllergata i Oslo, og digitaliseringa utfordra trykkmateriellet som hadde dominert produksjonen sidan oppstarten i 1976. I 2000 tok Hilde Sundve Jordheim steget frå nestleiar til leiar av utvalet.
Landet rundt
– I tillegg til vervet i FUG jobba eg som prosjektleiar i Statped. Eg hadde heimekontor, men det vart ekstremt mykje reising i begge jobbane. Eg fekk etter kvart fire barn og hadde på eit tidspunkt 220 reisedøgn i året. Det var eit krevjande liv, innrømmer ho.
På vegner av FUG besøkte ho kommunar over heile landet og heldt foredrag for både foreldre og tilsette i skoleverket om ulike tema knytte til heim-skole-samarbeid. Dette er oppgåver som sekretariatet i dag har ansvar for.
– Vi som utvalsmedlemmer var utruleg aktive. Vi dreiv med både rådgiving, rettleiing og foredrag. Alt frå kursing av foreldre til deltaking i debattar og foredrag for lærarar og rektorar i kommunane. Vi møtte også i kommunestyre enkelte stader, minnest ho.
Aksjon før stortingsvalet
Ho hugsar godt dei ulike aksjonane til FUG. Før stortingsvalet i 2001 tok FUG initiativ til ein nasjonal foreldreaksjon. Målet var å inspirere foreldre over heile landet til å arbeide for kvalitet på eigne skolar, i tillegg til eit sterkare heim-skole-samarbeid.
– Barn kommer ikke i reprise! var ein stor aksjon som starta i Kirkenes og enda opp i Spikersuppa i Oslo, der vi overleverte signerte meldingsbøker frå skolar over heile landet til statsråd Trond Giske, fortel ho.
Meldingsbøkene var materiell FUG hadde gjort tilgjengelig for alle FAU og kommunale foreldreutvalg i landet. Her vart elevråd, foreldreråd og tilsette oppmoda om å skrive meldingar til stortingspolitikarane om kva som var positivt og negativt ved eigen skole. Aksjonen starta 20. august og vart avslutta 8. september. Til saman var det markeringar i 17 fylke, og den største fann stad i Verdal, der 2500 elevar, foreldre og andre møtte opp.
– Det var veldig flott å vere med på, og det skapte mange lokale diskusjonar om kvaliteten på skolane der ute. Det innebar enormt mykje arbeid, og sekretariatet var nesten i kneståande etter aksjonen.
Visste ikkje kva foreldremøte var
I dag er Hilde Sundve Jordheim relativt nypensjonert skolerektor og har samla mange perspektiv gjennom ulike roller i yrkeslivet etter tida i FUG. Utfordringa ein står i som FUG-leiar, hugsar ho framleis godt.
– Heim-skole-samarbeid er ikkje det første folk tenkjer på. Foreldre er opptekne og har det travelt. Difor er det avgjerande å vere aktiv som FUG-leiar for å formidle kor viktig det er for eigne barn at foreldra er engasjerte i skolen. Samstundes er det svært krevjande å ta på seg ei rolle der ein prøver å representere andre foreldre. Så er det ein balansegang mellom samarbeidsmandatet og det å vere aktiv ut mot dei som styrer politisk, for å få foreldresamarbeid på dagsordenen.
Eit anna perspektiv på den norske foreldrerolla fekk ho gjennom deltakinga i European Parents’ Association (EPA). Her jobba ho tett saman med den irske foreldreorganisasjonen for å kurse foreldrerepresentantar i 15 europeiske land.
– Saman med Mary Rafferty frå Irland heldt eg foreldrekurs for foreldre i land som tidlegare låg bak Jernteppet. Dei kunne ikkje fatte og begripe at vi i det heile kunne ha foreldremøte. Foreldre hadde jo ingen ting dei skulle ha sagt i møte med denne typen institusjonar. Demokratigrepet vart verkeleg sett på dagsordenen i mellom anna Aust-Tyskland, Bulgaria og Romania. Det var verkeleg artig å få vere med på.
Jobba for paragraf 9a
Sundve Jordheim hugsar også at ho underteikna Manifest mot mobbing då Kjell Magne Bondevik var statsminister. Prosessen fram mot signeringa i 2002 var lang, og parallelt jobba også FUG, Elevorganisasjonen og Barneombodet for å få inn ein ny paragraf i opplæringslova. Våren 2003 vart det opphavlege kapittel 9a vedteke, og elevar fekk for første gong ein lovfesta rett til eit godt fysisk og psykososialt skolemiljø.
– Eg var veldig nøgd etter så mange år med arbeid. Det er kult å sjå at det går an å få det til både i teori og praksis. Denne paragrafen har seinare blitt justert og gjort endå strengare, og eg har erfart at det nesten har tippa over slik at det blir problematisk å følgje opp i praksis, seier ho, vel vitande om at ho plutseleg har rektorhatten på.
Jobba som rektor
Etter at ho takka for seg i FUG på tampen av 2003, har ho hatt fleire ulike roller i Statped, mellom anna innanfor det samiske området. Ho har jobba i rettleiingskorpset til Utdanningsdirektoratet og hatt to rektorstillingar. Først ved Hunstad skole for høyrselshemma i Bergen, seinare på Kleppe skole i heimkommunen Askøy, der ho jobba i ni år, fram til ho pensjonerte seg ved skoleslutt i 2025.
– Kleppe skole var ein skole der det allereie var eit utruleg godt organisert FAU-arbeid då eg kom. Eg har heile vegen opplevd foreldra der som dyktige. Dei ser moglegheiter og gjer det dei kan i fellesskap, men det er eit men oppi alt dette, seier ho og trekkjer pusten.
– Vi ser ein del foreldre som har blitt veldig individualiserte, og då blir det ein tendens til rettstenking. Ein ser berre sitt eige barn i det store fellesskapet. For at alle skal lykkast, er vi avhengige av det store kollektivet, at vi løftar eigne og andre sine barn, seier ho engasjert, og har meir på hjartet.
– Elles vil eg seie at norske skolar er inne i ei slags krise, og det håpar eg at FUG ser. Det er økonomisk krise i dei fleste kommunane i landet. Det slår veldig tilbake på skolane. Det blir strammare rammer og vanskelegare og vanskelegare å oppfylle lovkrava. Dei som lir mest, er barn med behov for noko ekstra, og då tenkjer eg ikkje berre på spesialundervisning, men dei som har det tøft og vanskeleg i nærmiljøet og i familiane sine.
Pass på grøftene, minister
Sundve Jordheim begynner å bli varm i trøya og minner om at skolebøker er vel og bra, men at det også er mykje god læring i digitale læremiddel.
– Det må gå an å få til begge delar, seier ho og meiner at det same gjeld leiken i skolen. Ungane er allereie flinke til å leike, så dersom vi berre skal ha leik, risikerer vi å hamne i ei ny grøft. Leik og læring treng ikkje vere motsetningar. Det må balanserast.
Ho rekk også å ønskje seg ein skole som tilbyr estetiske og praktiske fag.
– Det betyr også at det må gjerast mykje med skolebygga.
Den tidlegare utvalsleiaren har eit aller siste punkt på lista si, og det er viktig, seier ho.
– Utvalet må jobbe for å få gode rammer slik at FUG kan nå ut til endå fleire med bodskapen om eit godt heim-skole-samarbeid. Bli endå meir synlege utetter, bidra endå meir. Det er ein neverending story, avsluttar ho.
Utvalg 2000–2003: Hilde Sundve Jordheim, leder, Hordaland. Otto Kay Pettersen, nestleder, Vest-Agder. Atta Ansari, Oslo. Knut Kristoffersen, Finnmark. Ellen Mogård Larsen, Nordland. Eli Vatn, Oppland. Lino Lubiana, Østfold. Kirsti Berg, Oslo. Kjell Arne Hagen, Akershus.
Utval 1996–1999: Brit Solheim, leiar, Oppland. Hilde Sundve Jordheim, nestleiar, Hordaland. Petter Nordeng, Akershus. Kjell Å. Salvesen, Sør-Trøndelag. Monica Vestå, Nordland. Atta Ansari, Oslo. Astrid Wilhelmsen, Oslo. Hans Petter Karlsen, Buskerud. Ole Bent Røiseland, Vest-Agder.
Utval 1992–1995: Brit Solheim, leiar, Oppland. Sissel Kværne Vestre, nestleiar, Sogn og Fjordane. Ineke Due, Troms. Hilde Sundve Jordheim, Hordaland. Trine Suphammer, Akershus. Jens N. Engelstad, Oslo. Jan Willy Føreland, Vest-Agder. Jan Bjurgren, Oppland. Kamil Øzerk, Oslo.
Les om fleire leiarar
– Dei kunne ikkje fatte at vi i det heile kunne ha foreldremøte
Les mer
– Eg er redd vi gjorde det same den gongen som FUG gjer no
Les mer
Dundra laus mot lærarane – blei trua med å bli kasta i Tyrifjorden
Les mer
– Vi var eit hår i suppa til å begynne med
Les mer
FUGs aller første leiar: – Opplevde mykje rart rundt omkring
Les mer
Budsjettskuffelse: – Skole er også beredskap
Les mer