
Få utvalsleiarar har hatt fleire sigrar og nedturar i løpet av ein utvalsperiode enn Gunn Iren Müller. Heilt frå første stund fekk ho køyrt seg i leiarrolla.
Vi skriv januar 2016, og FUG har akkurat fått ein ny leiar. Gunn Iren Müller frå Porsgrunn, som verken har møtt sekretariatet eller dei andre utvalsmedlemmene, sit og gjer seg klar til sitt første medieoppdrag. Temaet er mobbing i skulen, og kanalen er TV 2.
– Eg var så redd at eg sat og klamra meg til bardisken på God Morgen Norge. Eg hadde ikkje møtt nokon av dei andre, men fått snakkepunkt på e-post og beskjed om å berre «køyre på». Etter denne starten blei alt lett, ler ho.
58-åringen frå Porsgrunn fekk oppleve mykje i løpet av dei fire åra i leiarvervet i FUG. Både godt og vondt.
– Eg synest det var utruleg givande å sitje som leiar i FUG. Det kjendest som om vi var med på å gjere ein forskjell. Det synest eg vi fekk til òg, med til dømes lærarnorma og Partnarskap mot mobbing.
Lærarnorm og seksårsreform
Müller hugsar mykje frå tida i FUG. Vi får ikkje plass til alt her, men noko skal vi unne oss. Vi startar med den nemnde lærarnorma.
– Då Elevorganisasjonen, Utdanningsforbundet og FUG gjekk saman om å seie at vi ønskte oss ei lærarnorm, trur eg det blei banna i mange av regjeringskvartala. Når lærarar, elevar og foreldre er einige, då er det vanskeleg for politikarane å seie at dette vil vi ikkje ha.
Lærarnorma blei vedteken på tampen av 2017 og innført i august 2018. I 2026 blussa debatten opp igjen då Kommunekommisjonen føreslo å skrote ho. Også denne gongen har Elevorganisasjonen, Utdanningsforbundet og FUG vore tydelege på at dei ønskjer å behalde maksgrensa for talet på elevar per lærar.
I 2016 slo Gunn Iren Müller og FUG eit slag for ei anna sak som har vore i vinden i seinare tid.
– Det hadde gått 20 år sidan dei sleppte seksåringane inn i skulen, og dei hadde aldri gjennomført ei evaluering. Det var vi opptekne av å få. Personleg meinte eg at fleksibel skulestart var vegen å gå. Det kan vere så mykje som fem år i kognitiv forskjell på seksåringar når dei begynner på skulen. Eg kunne tenkje meg ei ordning med heilt fleksibel skulestart for å redusere forskjellane. Stoltenberg-utvalet såg på det, og det var vel 50/50 før det blei teke dissens.
Evalueringa av seksårsreforma kom ikkje i gang før i 2020. I 2024 kom sluttrapporten frå OsloMet, som mellom anna viste at fag og opplæring har overskygga leiken for norske seksåringar.
Fullføringsrettens mor
I 2018 blei det gjennomført ei omfattande evaluering av vidaregåande opplæring i Noreg. Her fekk FUG vere med på nåde, ifølgje Müller.
– Det var eg som introduserte omgrepet fullføringsrett på ein innspelskonferanse om vidaregåande skule. Vi såg jo at mange ikkje klarte å fullføre vidaregåande innanfor avgrensinga på fem år som dei hadde den gongen. Eg føreslo at det ikkje skulle vere noka avgrensing dersom ein var motivert til å fullføre vidaregåande, og det blei faktisk ein lovfesta rett nokre år seinare. Det kan godt vere dei kom fram til denne lovendringa på eiga hand, men det var eg som introduserte omgrepet, seier ho nøgd.
Nokre år etter at Müller og utvalet gav seg, kom fullføringsretten på plass.
Andre ting ho hugsar godt, er deltakinga på 100-årsjubileet til Sametinget i 2017 og den samiske foreldrekonferansen til FUG og FUB i Tromsø same år.
– Henrik Gaup og Rune Benonisen i FUG og Sara Marja Magga i FUB var fantastisk flinke til å dra i gang ting. Konferansen var deira forteneste. Han gjekk føre seg utelukkande på samisk, heile utvalet var til stades og fekk kjenne på korleis det var å vere i mindretal og ikkje forstå språket.
Mista utvalsmedlem
Men Müller har ikkje berre gode minne frå utvalsperioden. Det verste kom i desember 2017, då Benedicte Bergseng Mælan gjekk bort etter kort tids sjukdom.
– Sjølv om Benedicte var varamedlem, hadde vi ein policy om at varaene alltid skulle vere med på alle møta. Det var ein styrke at dei kjende sakene vi jobba med, like godt som alle dei andre. Benedicte var den flinkaste og stødigaste i heile utvalet. Det var heilt forferdeleg å miste henne.
Av viktige saker nemner Gunn Iren Partnarskap mot mobbing (PMM), kampen for evnerike barn og æra av å sitje i juryen til Dronning Sonjas skulepris. Utvalet som sat frå 2016 til 2019, har òg mykje av æra for at FUG i dag held foredrag og praktiske kurs i skule–heim-samarbeid for lærarutdanningane ved universitet og høgskular over heile landet. Modellen er henta frå det irske foreldreutvalet, ifølgje Müller.
Kontoret blir flytta til Bø
Noko som utvilsamt sette sitt preg på utvalsperioden, var avgjerda om å flytte sekretariatskontoret til FUG og FUB frå Oslo til Bø i Telemark.
– Etter mi meining er det heilt unaturleg at ein ikkje sit nær dei andre aktørane i sektoren. Eg gjorde alt eg kunne for å reversere avgjerda, men det var ikkje tale om. Ingen var villige til å ta den kampen for oss. Vi var ikkje viktige nok. Eg var frykteleg skuffa over ein del politikarar på den tida, seier ho.
58-åringen fekk mellom anna med seg dei tidlegare utvalsleiarane Loveleen Brenna, Christopher Beckham og Elisabeth Strengen i ein personleg appell for å behalde kontoret i Oslo. Tiltaket var fånyttes, og i 2018 flytta sekretariatet til Bø i tråd med ein avtale mellom partia Venstre, Høgre og Frp.
– Sekretariatet brukte mykje tid på flytteprosessen og på å finne eigna lokale i Bø. Dei måtte jobba med sine eigne administrative saker og ikkje våre. Derfor ønskte vi oss eit ekstra år for utvalet, men det gjekk ikkje Kunnskapsdepartementet med på.
Begge parter har noko å gå på
Etter perioden i FUG er Müller for lengst tilbake i jobben på Hydro i heimbyen Porsgrunn og har ikkje lenger barn i grunnopplæringa. På spørsmål om korleis ho opplever skule–heim-samarbeidet no, svarer ho slik:
– Berre i løpet av den tida eg sjølv hadde barn i skulen, såg eg ei dreiing i forventningane til foreldra. Det gjekk frå «kva kan vi gjere for å hjelpe skolen?» til «kva kan skolen gjere for oss foreldre?». For å setje det litt på spissen, var det slik før at dersom eit barn fekk ein oppstrammar på skulen, blei foreldra heilt sette ut og snakka alvor med barnet sitt. No troppar dei i staden opp på skolen og konfronterer rektor. Ein del norske foreldre må bli flinkare til å tenkje på at alle barna i klassen skal ha det bra. Det kan ikkje berre handle om mitt barn heile tida. Skolen kan bli flinkare til å invitere foreldra med, men foreldra kan òg bli flinkare. Det er alltid rom for forbetring, både for skolen og for foreldra. Det sa eg vel eigentleg den gongen òg, avsluttar ho.
Utval 2016 – 2019:

Her kan du finne utvalsmedlemmer frå andre periodar