Om FUG
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt og sjølvstendig organ for kunnskapsdepartementet.
FUG gir råd og rettleiing til foreldre, tilsette i skolen, lærarstudentar og myndigheiter om samarbeid mellom heim og skole, og skal sikre at foreldrestemmen blir høyrt i skolepolitiske saker. I tillegg til å gi råd gir vi også innspel til utdanningsmyndigheitene i saker som omhandlar skole-heim. FUG vert oppretta i 1976 og er lovheimla i opplæringslova § 10-9. Det er Kongen i statsråd som oppnemner utvalet for fire år om gangen.
Kva gjer FUG?
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt og uavhengig organ som gir råd og rettleiing til foreldre om samarbeid mellom heim og skole.
Dette er noko av det vi i FUG jobbar med:
- Gir råd og rettleiing til foreldre med barn i skolen. Tema kan vera mobbing, skolemiljø, inneklima, samarbeid med skolen og andre foreldre, foreldremøte og FAU.
- Stimulere dialogen mellom heim og skole, og å bidra til å få så mange foreldre som mogleg med i dette arbeidet.
- Hjelpe skolar med informasjon og rettleiing.
- Gir råd til utdanningsmyndigheitene i saker som omhandlar heim-skole-samarbeid.
- Sikre at foreldreperspektivet kjem tydeleg fram i høyringar og lovverk.
- Styrke foreldreengasjementet og foreldreinnflytelsen i skolen.
- Halde foredrag for foreldre, tilsette og skolemyndigheiter over heile landet.
- Rådgjeving til lokale foreldreutval som FAU, SU og KFU.
- Lagar materiell til bruk for foreldre og tilsette i skolen, som kan lastast ned gratis frå våre nettsider.
- FUG får tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet kvart år. Her kan du lese tildelingsbrevet for 2024.
- På lik line med alle statlege og kommunale organ, skriv FUG ei årsmelding på bakgrunn av året som har gått. Her kan du lese årsrapporten for 2023.
- Her finn du revisjonsberetninga for 2023.
- Her kan du sjå kven som har vært ein del av utvala i tidlegare periodar.