– I lange periodar var det berre FUG til alle døgnets timar

Loveleen Brenna
På biletet ser du Loveleen Brenna. foto: privat

Loveleen Rihel Brenna gjekk så langt inn i rolla som FUG-leiar at ho la ned sitt eige konsulentselskap. – Eg hadde ikkje noko val.

Det var i januar 2004 Loveleen Rihel Brenna tok over som leiar i FUG. Ho skulle få ein flying start. Etter nokre få månader kom Stortingsmelding nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Her foreslo Utdannings- og forskingsdepartementet at føresegna om å ha samarbeidsutval, foreldreråd og skoleutval skulle fjernast frå lova. Dette kan gjerast på ulike måtar som tek vare på lokale behov, meinte departementet. For å strø ekstra salt i såret foreslo dei å degradere FUG til eit brukarforum underlagt Utdanningsdirektoratet. Det skapte ei foreldrerørsle, ifølgje Brenna.

– Vi mobiliserte alt vi hadde av krefter. Kommunale foreldreutval, FAU-ar, Skolelederforbundet, Utdanningsforbundet, tidlegare leiarar i FUG … Vi var overalt, seier Brenna engasjert.

Kaffikopp på kaffikopp

Hardt arbeid og eit uendeleg tal kaffikoppar i møte med samarbeidspartnarar, stortingsrepresentantar og journalistar skremde ikkje Brenna.

– Eg er ein som liker å velte i jorda, skape rørsle, for å få til ei endring. Jobben som FUG-leiar passa personligheten min veldig bra. Samtidig hadde eg eit veldig dyktig sekretariat som var viktig for å gjere meg god.

Samtidig merka ho at vervet som FUG-leiar kravde meir enn venta.

– Eg la ned konsulentselskapet mitt og gjekk «all in». Dette var såpass viktig. Spesielt når vi fekk den starten, og det blei eit vere eller ikkje vere. Det var ikkje alle journalistar og politikarar som skjønte kva FUG var. Det blei mange møte for å få folk til å forstå.

Forslaget om å oppheve lovfestinga av rådsorgana blei etter kvart avvist av Stortinget, men ei ny utfordring var like om hjørnet.

Ny kamp, ny siger

I 2006 oppnemnde regjeringa Bostadutvalet, som skulle gå gjennom formålet med opplæringa og barnehagen. Eit år seinare kom forslaget Formål for framtida. FUG såg raudt då dei las at formuleringa «opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen», som fram til då stod først i formålsparagrafen, var foreslått fjerna. Erstatninga «Skolen skal samarbeide med heimen» var ei lutfattig erstatning og stod dessutan heilt sist i forslaget til ny paragraf.

Nye kaffikoppar blei fylte, krefter mobiliserte. FUG la til rette for at kommunale foreldreutval og alle FAU-ane i landet kunne sende inn høyringsfråsegner til støtte for foreldremedverknad.

– I ein lang periode var det FUG til alle tider på døgnet. Resultatet av alt arbeidet var jo fantastisk. I staden for at FUG blei lagt ned, blei vi betre kjende og fekk utvida mandatet vårt, seier Brenna, som gjekk inn i sin andre periode som leiar frå 2009 til 2012.

Då den nye formålsparagrafen blei vedteken, var innleiinga: «Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.» I staden for å bli eit tannlaust brukarforum fekk Foreldreutvalet for grunnopplæringa utvida mandatet til også å gjelde det første året av vidaregåande opplæring i 2009. Samtidig endra FUG namn frå Foreldreutvalet for grunnskolen til dagens Foreldreutvalet for grunnopplæringa.

– Vi blei vengjeklipte

Den andre perioden til Loveleen Brenna var hektisk. Utvalet bytte altså namn, og i 2010 blei Noreg litt meir demokratisk då Foreldreutvalet for barnehagar – FUB – såg dagens lys. Frå 2003 til 2010 fekk FUG ein betydeleg auke i budsjett og talet på tilsette i sekretariatet. Ved utgangen av 2010 hadde staben auka til ti fast tilsette. Tre jobba i FUG, to i FUB og fem med oppgåver for begge utvala.

– Det var veldig fint å få vere leiar i to periodar. Samtidig skjedde det mykje rart mot slutten. I første periode fekk eg delta i etatsstyringsmøta. Utvalet hadde innverknad på kva som skjedde og ikkje skjedde, for eksempel med tanke på budsjett og det å leggje fram saker for departementet. I andre periode fekk eg ikkje delta i desse møta. Det ansvaret blei lagt til sekretariatsleiaren. Då blei det også bestemt at statsrådsmøta skulle vere dialogmøte der vi ikkje fekk lov til å snakke om til dømes budsjett. I staden for å snakke om moglegheiter for kompetanseutvikling og problemløysing blei det meir bla, bla-møter. Så kom FUB, og vi fekk felles tildelingsbrev. Vi hadde jobba hardt, klart å fordoble kapittelet vårt i opplæringslova, og så følte eg at vi blei vengjeklipte. Vi hadde ikkje så mange påverknadsmoglegheiter lenger.

Utvala ho leidde, hugsar ho som to utval med ulik kunnskap og kompetanse.

– Eg synest begge var veldig gode. I løpet av det første og andre møtet var det om å gjere å finne ut kva dei ulike brann for, og gjere dei til talspersonar for dei temaa. Vi hadde gode prosessar på høyringane, og så var vi heldige som var i Oslo, seier ho og legg ikkje skjul på at ho synest det er synd at sekretariatet blei flytta frå hovudstaden til Bø.

– Ser på foreldre som forstyrrande

Brenna legg til at ho i løpet av sine åtte år i FUG, men også i åra etter, har opplevd lite fokus på foreldre frå politikarane si side.

– Uavhengig av kva fløy som sit med makta, får eg ei kjensle av at politikarane synest foreldre er forstyrrande, seier ho og held fram:

– Kvar gong eg snakka med journalistar, starta eg med å spørje om dei sjølve hadde barn. Dei gløymer at dei er foreldre, og det gjeld politikarar og lærarar også. Det går så mange mytar om foreldra, og det er så rart, for dei aller fleste som snakkar om foreldregruppa på ein negativ måte, er jo foreldre sjølve.

I dag har Brenna ei dotter på vidaregåande og to vaksne barn. Ho er for lengst tilbake i konsulentbransjen, der ho jobbar med leiing og organisasjonsutvikling. Her har ho blant anna utvikla rammeverket for ein nasjonal standard for mangfaldsleiing. Snart blir også ein iso-standard rulla ut i heile verda. Engasjementet for skole-heim-samarbeid i norsk skole mistar ho aldri.

– Foreldre kan vere med på å førebyggje utfordringane vi ser i norsk skole i dag, men det føreset at vi gjer dei gode og medvitne om at alle kan utgjere ein forskjell. Det er ingen foreldre som ønskjer opptøyar, vandalisering, mobbing og vald i skolen. Det er nok ein større kompleksitet og fleire utfordringar i dag enn då eg var leiar. Då blir det endå viktigare å kommunisere godt frå skolane si side, slik at ein skaper trygge rom for foreldra, seier ho, brennande engasjert, før ho legg til:

– No fekk eg lyst til å bli FUG-leiar igjen.

Utval 2004-2007:

Loveleen Rihel Brenna, leder, Akershus. Lino Lubiana, nestleder, Østfold. Edel Borgen, Nordland. Henrik A. Nilsen, Nord-Trøndelag. Nina Bøhnsdalen, Rogaland. Odd Emil Ingebrigtsen, Nordland. Tyra Tronstad, Oslo. Brita Helleborg, Telemark. Egil Arnsby, Nordland.

Utval 2008-2011:

Loveleen Rihel Brenna, leder, Akershus. Nina Bøhnsdalen, nestleder, Rogaland. Raheela Kokab Chaudhry, Oslo. Jan Ivar Fossum, Buskerud. Are Johansen, Nordland. Øyvind Næss, Sør-Trøndelag. Trine Lise Systad, Vest-Agder. Christopher Beckham, Hordaland. Heidi Øines, Finnmark.

Her kan du finne utvalsmedlemmer frå andre periodar

Forfatter Bjørnar Hagen Vika

Sist oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev.