– Eg er redd vi gjorde det same den gongen som FUG gjer no

Britt Solheim, tidligere FUG-leder
På bildet ser du Britt Solheim, FUG-leder fra 1992-1999.

Eit spørsmål om skule–heim-samarbeid på skulen til barna førte til åtte år som utvalsleiar for Britt Solheim. Godt over 30 år seinare gir vi henne ei utfordring: Kva hugsar ho eigentleg frå tida i FUG?

– Etter at du ringde meg i går, måtte eg jo grave litt og spørje meg sjølv om kva det var vi eigentleg heldt på med. Eg må jo seie at det var ganske viktig. Det har forma livet mitt, seier Britt Solheim.

Vi har avtalt å prate med henne ein seinsommardag i samband med at FUG fyller 50 denne hausten. Idet vi får tak i henne, har ho akkurat ete frukost ute. Gjøvik badar i sol, og temperaturen er behageleg denne morgonen. Men det er ikkje det som står på frukostbordet vi vil høyre om, det er tida i FUG. Og som nemnt innleiingsvis, førte eitt spørsmål ho fekk frå skulen til at ho fekk leiarvervet i to utvalsperiodar frå 1992 til 2000.

– Spørsmålet var: «Korleis fungerer samarbeidet mellom heim og skule hos oss?» Då svarte eg: «Veit ikkje, har ikkje prøvd.» Altså, det var jo for så vidt eit bra såkalla samarbeid, men det gjekk mykje ut på at dei fortalde deg at «no er det din tur til å ta med kake», eller «no er det tid for dugnad på skulen», og då gjorde vi jo det skulen sa. Det var liksom ei einvegsgreie, ikkje ordentleg samarbeid, og då sa eg det vel som det var, fortel 77-åringen.

– Redd vi gjorde det same

Det eine førte til det andre, og plutseleg blei bioingeniøren nominert til å sitje i FUG. Like plutseleg blei ho leiar for heile utvalet.

– Eg blei kasta inn i det og tok utfordringa. Eg hadde jo drive litt som lokalpolitikar, men det var ei bratt læringskurve.

Så, kva gjorde eigentleg Foreldreutvalet for grunnopplæringa på byrjinga av 1990-talet?

– Eg er redd for at vi gjorde mykje av det same som FUG gjer no. Vi prøvde å jobbe for eit godt skule- og klassemiljø. Vi prøvde å få slutt på all mobbinga. Så jobba vi for å få betre skulebygg, og så var det ein ny læreplan som blei utarbeidd på den tida. Den gav vi innspel til, hugsar ho og held fram:

– Nokre utfordringar har nok blitt litt større med tida og andre litt mindre. Mobbing er truleg eit evig problem.

I tillegg til å motverke mobbing var Solheim oppteken av samarbeidet mellom dei nordiske foreldreorganisasjonane.

– Det å dele erfaringar og synspunkt med dei andre organisasjonane i Norden var veldig nyttig. Vi har stort sett dei same utfordringane i dei nordiske landa. Eg hugsar at den svenske foreldreorganisasjonen hadde ein kampanje med eit slagord som eg særleg festa meg ved: Barn går inte i repris. Det slagordet brukte eg ganske mange gonger sjølv rundt omkring, og det står eg ved den dag i dag. Barna våre får ikkje 3. klasse på nytt. Barndommen er her og no, så det er no vi må ta grep. Vi treng ikkje vere så veldig tolmodige på vegner av barna våre, seier ho engasjert.

Visepresident utan lønn

Med fem småjenter, tre eigne og to fosterbarn i hus, blei det travle dagar heime på Gjøvik for familien Solheim. Det var ikkje noko frikjøp å snakke om for utvalsleiaren heller. Bortsett frå møtegodtgjersle var leiarvervet ulønt.

– Det var litt travelt, men sånn var det berre, oppsummerer ho kjapt.

Dei fleste utvalsmøta var i Oslo, for det meste i Y-blokka, der sekretariatet heldt til frå midten av 90-talet.

– Folk kom på møte og hadde lese leksa på førehand. Vi hadde eit godt samarbeid, synest eg. Ryddige møte, fin møtedisiplin. Så reiste vi litt rundt omkring, i samband med Grunnskolens uke, for eksempel. Då hadde vi møte på staden der Grunnskolens uke skulle ha den formelle opninga si, minnest ho.

Etter kvart fekk Solheim også eit nytt verv som innebar ein del reising: visepresident i European Parents’ Association, EPA.

– Det europeiske samarbeidet var heilt annleis enn det nordiske. I dei ulike foreldreorganisasjonane i EPA sat det besteforeldre med god økonomi. I den nordiske komiteen kunne vi dele erfaringar oss foreldre imellom, og vi kunne bidra sjølve. Vi delte ut prisar der vi kvart år greip nokon på fersk gjerning i å gjere noko smart. På den måten kunne vi skape merksemd og fortelje andre om det smarte som var gjort.

Nytt prosjekt

I likskap med andre utvalsleiarar før henne har ho ikkje halde særleg kontakt med dei andre foreldra i utvalet etter at ho gav seg i 2000.

– Eg må seie at eg hadde ei veldig flott tid, men det var travelt, som du sikkert skjønar.

Like etter at ho var ferdig i FUG, blei ho henta inn til eit prosjekt i Utdanningsdirektoratet.

– Prosjektet var retta mot lærarutdanninga. Det handla om å gi lærarstudentar innspel til korleis dei skulle få til eit ekte samarbeid med foreldre, med vekt på klassemiljø og kvifor det er så viktig at foreldre blir kjende med kvarandre, og at vi kjenner ungane til kvarandre. For å nemne noko.

Abstinens

Før den eldste dottera byrja på skulen, kjøpte ho og mannen ein stor eigedom i Gjøvik. Der bygde dei fleire små hus, mellom anna til foreldra til Britt. No er det ho og sambuaren som bur i huset. I hovudhuset bur dottera med familien. Med tre barnebarn i skulealder på same tun får ho hyppige oppdateringar frå skulekvardagen, også om karakterkrav og vegen vidare.

– Eg er framleis oppteken av skulemiljø. At foreldra skal kjenne kvarandre, og at vennene til ungane skal vere velkomne rundt omkring. Det trur eg er frykteleg viktig for å skape eit trygt oppvekstmiljø for ungane.

Det som likevel har teke aller mest av tida hennar etter at ho blei pensjonist, er husflidshandverk, nærare bestemt skinn og fell. I tillegg til å produsere og selje eigne dekorerte skinnfellar frå verkstaden over sin eigen garasje, har ho reist rundt og halde kurs i husflidshandverk.

Sjølv om skinnfellsaumen står høgt i kurs, er det tydeleg at engasjementet for skule–heim-samarbeid framleis sit under huda.

– Ja, eg merkar faktisk at eg får litt abstinens no som vi har snakka om det, avsluttar ho.

Utval 1992–1995: Brit Solheim, leiar, Oppland. Sissel Kværne Vestre, nestleiar, Sogn og Fjordane. Ineke Due, Troms. Hilde Sundve Jordheim, Hordaland. Trine Suphammer, Akershus. Jens N. Engelstad, Oslo. Jan Willy Føreland, Vest-Agder. Jan Bjurgren, Oppland. Kamil Øzerk, Oslo.

Utval 1996–1999: Brit Solheim, leiar, Oppland. Hilde Sundve Jordheim, nestleiar, Hordaland. Petter Nordeng, Akershus. Kjell Å. Salvesen, Sør-Trøndelag. Monica Vestå, Nordland. Atta Ansari, Oslo. Astrid Wilhelmsen, Oslo. Hans Petter Karlsen, Buskerud. Ole Bent Røiseland, Vest-Agder.

Her kan du sjå kven som har vært ein del av utvala i tidlegare periodar.

Les også

Forfatter Bjørnar Hagen Vika

Sist oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev.