Kva er ein IOP?

IOP står for individuell opplæringsplan. Opplæringslova paragraf 5 seier at alle elevar som har fått vedteke rett på spesialundervisning skal få ein individuell opplæringsplan.

Gutt som får individuell opplæring
Elever kan ha rett til individuell opplæring

Hensikta med ein slik plan er at eleven skal få eit tilpassa og likeverdig opplæringstilbod. Den individuelle opplæringsplanen vert utarbeidd av skulen på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga gjort av PP-tenesta og vedtaket om spesialundervisning.

Ein individuell opplæringsplan skal:

  • Sette eleven i sentrum ved at opplæringa bevisst tar utgangspunkt i evnene og føresetnadene til eleven
  • Gi eit heilskapleg perspektiv på læringa og utviklinga til eleven
  • Vere koordinert med klasseplanen og den ordinære opplæringa
  • Vere eit samarbeid mellom lærarar, og mellom lærarar og andre hjelpeinstansar
  • Gi heilskap i opplæringstilbodet til eleven
  • Vere eit samarbeid mellom skule og heim
  • Skape kontinuitet i opplæringa og dermed moglegheit til å lette overgangen mellom bornehage og skule, trinn i grunnskulen og mellom grunnskule og vidaregåande opplæring
  • Sikre ein god samanheng mellom planlegging, gjennomføring og vurdering
  • Gi dokumentasjon av opplæringstilbodet til eleven (mål, innhald og korleis opplæringa skal drivast, dette er viktig dokumentasjon dersom det i ettertid er nødvendig å gjere greie for tiltak satt i verk av skulen)

Kva skal ein individuell opplæringsplan innehalde?

  • Kven planen gjeld for: Namnet til eleven, fødselsdato, klasse, skule, skuleår, datering av ferdig plan.
  • Underskrifter: Elev, føresette, rektor, kontaktlærar, spesialpedagogisk ansvarleg, ev. andre involverte. Det er ikkje eit krav at elev og føresette skal skrive under.
  • Kven som har delteke i arbeidet med planen.
  • Kva dokument som ligg til grunn for arbeidet med den individuelle opplæringsplanen (sakkunnig vurdering og enkeltvedtak).
  • Hovudmål for opplæringa
    Det skal gjerast tydeleg om eleven følgjer hovudområda i læreplanen eller ikkje.Hovudmåla skal vere langsiktige og strekke seg mot enden av skuleløpet eller trinnet (småtrinn/mellomtrinn/ungdomstrinn).
  • Spesialundervisningens omfang: Her vert det gjort greie for eleven si tildelte tid med pedagog og/eller assistent.

Ein individuell opplæringsplan skal òg innehalde kunnskapen skulen har om eleven og skildringar frå den sakkunnige vurderinga. Det er mellom anna viktig å få fram kva for interesser og mestringsområder eleven har, og kva eleven treng for å få eit godt utbytte av opplæringa. Det skal og gjerast greie for kva fysiske føresetnader og rammevilkår som gjeld rundt eleven. (Tal på elevar i klassa, rom og utstyr tilgjengeleg, tal på undervisningstimar etc.). Dersom planen til eleven avvik frå klasseplanen skal dette òg kome tydeleg fram (til dømes kva fag det gjeld, korleis spesialundervisning er organisert, korleis og kva tid arbeidet skal evaluerast).

Vidare følgjer plan for kvart fag eleven skal ha spesialundervisning i:

  • Målet til eleven; desse bør vere presist formulert og målbare
  • Innhald og fokusområde; her vert det beskrive kva eleven skal jobbe med for å nå måla som er sette
  • Arbeidsmåtar og organisering; her vert det beskrive korleis undervisninga er lagt opp og korleis ressursane er tenkt nytta
  • Læremidlar, digitale reiskap og hjelpemiddel; her vert det beskrive kva eleven treng av bøker, programvare og spesielt utstyr – utover det klassa nyttar ordinært
  • Evalueringstidspunkt
Tilrettelegging i skolen
Tilrettelegging i skolen

Elevar kan ha rett til ulike typer tilrettelegging, uavhengig av retten til spesialundervisning. FUG har artiklar som kan gje deg meir informasjon om begge desse tema.

Les mer https://foreldreutvalgene.no/fug/tilrettelegging-i-skulen/

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev