Samisk opplæring

Alle som bur i samiske distrikt* har rett til grunnskuleopplæring i og på samisk, svensk eller finsk.

Desse elevane har krav på alternative opplæringsformer når undervisning i samisk ikkje kan givast på skulen. Mange opplev at det er lite kunnskap om rettane til samiske elevar og lite informasjon å finne for samiske føresette. Dette kan føre til at elevar mistar viktig opplæring i samisk.

Samisk opplæring i grunnskulen

Alle elevar i grunnskulealder i samiske distrikt har rett til opplæring i og på samisk.

Samar i heile landet har i grunnskulealder rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skulen. Alternative opplæringsformer kan til dømes vere fjernundervisning, intensivundervisning eller leirskuleopphald. Slike opplæringstilbod skal utarbeidast i samarbeid med dei føresette.

Utanfor samiske distrikt har òg minst ti elevar i ein kommune som ynskjer opplæring i og på samisk, rett til slik opplæring så lenge det er minst seks elevar i gruppa. Kommunen kan vedta å legge opplæring på samisk til ein eller fleire skular i kommunen.

Elevane avgjer sjølv om dei vil ha opplæring i og på samisk frå og med 8. klasse.

Samisk vidaregåande opplæring

Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skulen. Departementet kan òg gi forskrifter om at visse skular skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa innanfor visse kurs eller for visse grupper. Fylkeskommunen kan òg elles tilby slik opplæring.

Lære om samar og samiske forhold

Utdanningsdirektoratet sine nettsider seier at: “Alle skular i Noreg skal gi opplæring om samar og samiske forhold. Elevane skal mellom anna lære om den samiske historia, kampen deira for likeverd, om rettane til det samiske urfolket, og om mangfald og variasjon i samisk kultur og samfunnsliv”. Dette for å sikre kunnskap og samisk kultur og historie, mangfald og informasjon om viktig, norsk kulturarv.

Det finst fleire tilskotsordningar knytt til samisk opplæring, sjå meir informasjon her: udir.no

*Definisjonar

Eit “samisk distrikt” vert definert som:

  1. det samiske forvaltningsområdet etter paragraf 3 i samelova eller,
  2. andre kommunar eller delar av kommunar, etter forskrifter gitt av Kongen i statsråd, etter at Sametinget og dei kommunane og fylkeskommunane spørsmålet gjeld, har fått uttale seg.

Samar vert definert i samelova paragraf 2-6 som personar som kan skrivast inn i samemanntalet og born av dei som kan skrivast inn.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev