Teiknspråk, punktskrift og ASK i skolen

Teiknspråk
På biletet ser du ei jente som kommuniserar på teiknspråk med ei anna jente.

I denne artikkelen kan du sjå kva for rettar elevar har dersom dei har nedsatt hørsel, syn eller evne til å kommunisere gjennom talespråk.

Opplæringslova har ei rekke bestemmelsar som sørger for å ivareta behovet til desse elevane.

Opplæring i og på teiknspråk i grunnskolen 

Elevar med høyrselshemming har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring. 

Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i norsk teiknspråk, kan opplæringa givast på ein annan skole. Kommunen kan fastsetje kva skole opplæringa på norsk teiknspråk skal givast på. 

Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit teiknspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i teiknspråk skal vere pedagogisk forsvarleg. 

Opplæring i og på teiknspråk i vidaregåande 

Elevar med høyrselshemming har rett til å få opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevane som går på ordinære vidaregåande skolar, og som nyttar tolk, kan i tillegg velje å få opplæring i norsk teiknspråk. 

Retten til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk gjeld berre innanfor dei utdanningsprogramma og programområda som skolane har tilbod om. Delar av denne opplæringa kan givast ved hjelp av teiknspråktolk. 

Hos Statped kan du finne info, kurs og læringsressurser knytta til hørselshemming

Opplæring i punktskrift i grunnskole og vidaregåande 

Blindeskrift
Biletet viser ei hand som leser blindeskrift.

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift. 

Hos Statped kan du finne info, kurs og læringsressurser knytta til synsnedsettelser

ASK – alternativ supplerande kommunikasjon i skolen

Nokre personar forstår alt som vert sagt av andre, men manglar heilt eller delvis språk sjølv. Dei treng difor hjelp til å bli forstått. For desse kan alternativ og supplerande kommunikasjon, forkorta til ASK, vere ei god kommunikasjonsform. 

Nokon vil ha behov for kommunikasjonsformer som erstattar talen fullstendig. Dette kallast alternativ kommunikasjon. Andre treng kommunikasjonsformer som støttar utydeleg, forseinka eller svak tale. Dette kallast supplerande kommunikasjon. ASK er altså alt som hjelp ein person til å kommunisere effektivt når tradisjonelle måtar å kommunisere på ikkje er tilstrekkelege.  

Dømer på alternativ og supplerande kommunikasjon kan vere handteikn, grafiske symbol eller talemaskiner. Kroppslege uttrykk som må tolkast og tilleggast meining av andre, er òg alternative kommunikasjonsformer. 

Lova seier at elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Det same gjeld for dei som har læretid i bedrift. 

Elevar og lærekandidatar har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter § 11-6. 

ASK i skolen 

Born som har behov for alternativ supplerande kommunikasjon i skolen er born som har medfødde diagnosar, tilstandar som gjer at dei ikkje har utvikla tale eller born som kjem seint i gang med å snakke. 

For elevane som treng alternativ supplerande kommunikasjon er det tre mål som står sentralt i opplæringa: 

  • Gjere seg forstått 
  • Utvikle kunnskap og lære evner 
  • Bruke ASK i samspel med andre 

Hos Statped kan du finne info, tjenester og kurs om alternativ og supplerende kommunikasjon

Les også vår artikkel om universell utforming

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev