Kva er individuelt tilrettelagt opplæring – ITO?

Individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)
Biletet viser ei ung jente som sit og jobber med skolearbeid. Kan ho ha krav på individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)?

Hvis ein elev ikkje har godt nok utbytte av vanleg undervisning, kan han eller ho ha krav på individuelt tilrettelagt opplæring, det som tidlegare var kjent som spesialundervisning.

Tilpassa opplæring er eit grunnleggjande prinsipp i skolen. Innanfor rammene av fellesskapet skal lærarane legge til rette, slik at alle elever får best mogleg utbytte av opplæringa. Dette handlar om dei små grepa i skolekvardagen som gjer at opplæringa møter behovet til eleven. Skolen har plikt til å tilpasse opplæringa, men elevane har ikkje en individuell rett til dette. Viss ein elev ikkje har godt nok utbytte av vanleg undervisning, kan han eller ho ha krav på det som tidlegare var kjent som spesialundervisning, men som i ny opplæringslov har namnet individuelt tilrettelagt opplæring – ITO. 

Kva er individuell tilrettelegging? 

Nokre elevar har behov for meir enn tilpassa opplæring for å få et tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Da har eleven rett til individuell tilrettelegging, som er delt inn i tre rettigheiter: 

  • fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet – les lovteksten her

I denne artikkelen går vi nærmare inn på individuelt tilrettelagt opplæring. 

Skolen – første instans 

Er du bekymra for at skolebarnet ditt strevar på skolen, anten fagleg eller sosialt? Uttrykkjer barnet sjølv at opplæringa på skolen er for vanskeleg? Då er det viktig at du raskt tar kontakt med skolen for å drøfte dette. Fortel korleis du opplev situasjonen, og gi døme på det som opplevast vanskeleg. Skolen har teieplikt, så du kan føle deg trygg på at alt du forteljer blir ivareteke på ein god måte. Skolane sit på lang erfaring og verdifull kompetanse, og vil jobbe for å finne den beste løysinga for barnet ditt. I første omgang kan det handle om å tilpasse opplæringa betre eller finne eigna tiltak som skolen kan prøve ut innanfor rammene av ordinær undervisning. 

Nokre skolar har òg faste treffpunkt med ulike tverrfaglege instansar der det er rom for å invitere foreldra inn. Det kan vere godt for både heim og skule å tenke høgt saman om situasjonen for barnet, saman med nokon utanfrå, i dette tilfellet PPT. 

Tilvising til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) 

Dersom tilpassingane skolen gjer ikkje er tilstrekkeleg, må foreldra og skolen formelt involvere pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for å gjere ei sakkunnig vurdering. Dette skjer ved at rektor ved skolen sender ei tilvising til PPT. Skolen skal òg sende tilvising til PPT dersom foreldra har bedt om ei undersøking av behovet til eleven for individuelt tilrettelagt opplæring, eller når foreldra krev ei sakkunnig vurdering. 

Ei tilvising inneheld generelle opplysningar om eleven, bakgrunn for tilvising, opplysningar frå foreldre og ein pedagogisk rapport skrive av skulen. Det bør kome tydeleg fram av tilvisinga kva ein ynskjer vurdert. Tilvisinga kan ikkje sendast utan at foreldre/elev har signert. Foreldra får òg tilgang til innhaldet i tilvisinga og eventuelle vedlegg. Elevar som er over 15 år, skal gi sjølvstendig samtykke og er sjølv part i saka. Dei skal spørjast om råd, og meiningane deira skal tilleggas stor vekt. Når tilvising er send, vil den bli følgd opp av ein saksbehandlar i PPT. Saksbehandlaren bør ha dialog med både heim, skole og eleven sjølv gjennom utgreiingsarbeidet. 

Utgreiing og sakkunnig vurdering 

For å vurdere om ein elev treng individuelt tilrettelagt opplæring gjer saksbehandlaren i PPT ei utgreiing og ei sakkunnig vurdering. Dette kan innebere samtalar med elev, foreldre og skole, observasjonar i klasserom og friminutt, og dessutan kartlegging eller testing av eleven. God praksis er at PPT lagar ein utgreiingsplan som gir oversyn over kva som skal skje til kva tid i utgreiingsarbeidet.

PPT har plikt til å rådføre seg med eleven og foreldra i arbeidet med å utforme eit eventuelt tilbod om individuelt tilrettelagt opplæring. Det skal leggast stor vekt på eleven og foreldra sitt synspunkt. Den ferdige sakkunnige vurderinga er eit dokument som viser om eleven har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. Retten til eleven vert synleggjort ved at det blir laga eit enkeltvedtak. Skolen brukar òg den sakkunnige vurderinga når dei skal lage ein individuell opplæringsplan (IOP).

Enkeltvedtak 

Skolen skal vurdere og avgjere om eleven har rett til individuelt tilrettelagt opplæring. Dette blir gjort etter at PPT har sendt den sakkunnige vurderinga til skolen. Det er skoleeigar som har mynde til å fatte enkeltvedtak. Denne mynden kan delegerast til rektor ved skolen. Det skal fattast enkeltvedtak både når individuelt tilrettelagt opplæring blir innvilga og når det blir avslått. Det er viktig for rettstrygginga til eleven at kommunen eller skolen fattar enkeltvedtak også når dei avslår. Fasen blir avslutta med at enkeltvedtaket blir sendt til elev og foreldre. Eleven og foreldra har rett til å klage på eit enkeltvedtak. 

Gjennomføring og evaluering 

Når det er fatta eit enkeltvedtak som gir eleven rett til individuelt tilrettelagt opplæring, startar planlegginga av korleis denne delen av opplæringa skal gjennomførast, mellom anna gjennom at skolen utarbeider ein individuell opplæringsplan (IOP) for eleven. Den individuelle opplæringsplanen skal ta utgangspunkt i den sakkunnige vurderinga. Planen er eit reiskap for lærarane, både i den individuelt tilrettelagte opplæringa og i den ordinære opplæringa. IOP-en gir òg foreldra innblikk i korleis individuelt tilrettelagt opplæring er tenkt gjennomført i praksis. 

Skoen bør vurdere utviklinga til eleven fortløpande heile året. Elevar som tek imot individuelt tilrettelagt opplæring, har òg rett til vurdering undervegs. I tillegg skal det kvart år skrivast ein årsrapport. I denne rapporten skal skolen vurdere læringsutbyttet og utviklinga til eleven ut frå dei måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven (IOP). Evalueringa skal gi skolen grunnlag for å justere det vidare arbeidet, anten det gjeld innhald, arbeidsmåtar, organisering eller metodar. 

I årsrapporten må skolen òg vurdere om det er behov for å vidareføre individuelt tilrettelagt opplæring, om det er nødvendig å vise eleven til PPT igjen, om saka kan avsluttast, og korleis overgangen mellom ulike opplæringsår og skolar skal løysast.

LES OG: Kva er ein IOP?  

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev