Foreldre kjenner seg makteslause i møte med skolen

Foreldre på møte
Biletet syner to foreldre som sitt i eit møte på ein skole.

Det vart skrive og sagt mykje om vanskelege foreldre i media i fjor. Ei oppsummering av FUG sine rådgjevingar frå 2024 tyder på at mange foreldre kjenner seg makteslause i møte med skolen.

– Det er ingen tvil om at det er foreldre som står i tøffe kampar der ute, seier FUG sin skolerådgjevar Asle Sandnes. FUG tilbyr gratis rådgjeving innan skule-heim-samarbeid, og kommunikasjonsproblem er ein gjengangar.

I haust vart det skrive mykje om foreldre som ei pest og plage for skulane. Førespurnadene til FUG gir eit meir nyansert bilete. I kategorien «vanskeleg kommunikasjon med skule/rektor» fekk FUG over 100 førespurnader i 2024. I dei fleste tilfella opplever foreldra at skulen er den krevjande parten.

– Det er bekymringsfullt mange foreldre som sit med ei oppleving av at skulen ikkje klarer å gjere det som skal til for å stanse mobbing eller oppfylle grunnleggjande elevrettar. Mange opplever at rektor seier nei, uansett kva foreldre og elevar foreslår. Også i 2024 har vi fått fleire henvendingar frå foreldre som fortel at dei blir skjelte ut av kontaktlærar eller rektor, fortel skulerådgjevar Asle Sandnes.

Han seier òg at mange av foreldra som tek kontakt, ønskjer ei vurdering av sine forventningar til skulen før dei tar opp saka. Mykje kunne ha vore unngått med tydelegare forventningsavklaringar frå skulen si side.

Mobbing – ein avgjerande faktor

Ei undersøking som FUG gjennomførte hausten 2023, viste at lærarar i snitt brukar tre timar i veka på dialog eller samarbeid med foreldre. Om dette er mykje eller lite, kjem an på kva timane blir brukt til.

– Dei som kontaktar oss, har ofte barn som har vore utsette for mobbing i årevis, eller som av ulike grunnar vegrar seg for å gå på skulen. Mange har vedtak frå Statsforvaltaren utan at det fører til endring. I sårbare situasjonar er det ekstremt viktig å bli møtt av skulen på ein profesjonell måte. Mange er dyktige på dette, medan andre slit. Uansett kor fastlåst situasjonen verkar, er det ikkje greitt at skuletilsette og foreldre ropar til kvarandre.

Mobbing var som vanleg eitt av dei mest vanlege tema. 93 rådgjevingar handla om barn som opplever ein utrygg skuledag. I tillegg dreidde ti saker seg om tilsette som krenkjer elevar. Det sistnemnde er ein betydeleg nedgang samanlikna med 2023.

Sandnes legg til at FUG òg har blitt kontakta av skuletilsette som har opplevd ubehagelege situasjonar med foreldre.

Her finner du heile undersøkinga frå 2023 om skole-heim-samarbeid

Saker om FAU og skole-nedleggingar

Totalt har over 430 foreldre og tilsette i skolesektoren kontakta FUG i 2024. Skolenedleggingar har vore eit heitt tema over heile landet. Både foreldre og skoletilsette føler seg overkøyrde i prosessane rundt skolestruktur, og i fleire tilfelle har partane blitt informerte om planar om nedlegging via media.

Utfordringar knytta til organiseringa av skoledemokratiet var den mest vanlege problemstillinga i fjor. Nokre skoleleiarar og FAU-medlemmar har stilt spørsmål om organiseringa etter at den nye opplæringslova trådde i kraft i august.

– Vi har høyrt frå FAU-leiarar som opplever rektorar som arrogante og manipulerande, men òg rektorar som meiner at FAU kjem med urimelege krav og legg seg opp i for mykje av skolen sitt arbeid. Samstundes må vi understreke at vi òg møter engasjerte tilsette og FAU-medlemmar som berre ønskjer det beste for skolen, og som lurer på kva dei kan gjere for å få mest mogleg ut av skole­demokratiet. Det er tross alt målet til FUG – å bidra til eit best mogleg skole-heim-samarbeid.


Rådgivingar 2024

  1. Organisering av rådsorganene
  2. Vanskelig kommunikasjon med skolen/rektor
  3. Mobbing (tidligere 9A-4 og 9A-5)
  4. Organisering av skolehverdagen
  5. Utfordrende klassemiljø
  6. Spesialundervisning

Rådgivingar 2023

  1. Mobbing (tidligere 9A-4 og 9A-5)
  2. Vanskelig kommunikasjon med skolen/rektor
  3. Organisering av rådsorganene
  4. Utfordrende klassemiljø
  5. Spesialundervisning
  6. Samarbeidsutfordringer i rådsorganene


Rådgivingar 2022

  1. Mobbing/utrygt skolemiljø
  2. Rådsorgan: spørsmål om FAU, SMU og klassekontakter
  3. Vanskelig kommunikasjon med skolen/rektor
  4. Organisering av skolehverdagen
  5. Læringsmiljø
  6. Spesialundervisning

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev