Kva betyr gratisprinsippet i skulen?

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Det er eit grunnleggande prinsipp at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vere gratis, det seier opplæringslova paragraf 2.

Nokre skular praktiserer likevel innsamling til klasseturar eller sosiale tilstellingar, men dette meiner vi i føresettutvala at er uheldig. Nokre føresette kan føle seg pressa til å bidra og kan oppleve det vanskeleg å seie ifrå om dei til dømes har dårleg råd.

Alle skuleturar blir rekna som opplæring, og skal vere obligatoriske, sjølv om det er slik kan det for elevane verte førespegla at turane er frivillige. Og nokon vil føle seg ekskluderte frå fellesskapet grunna manglande betalingsevne.

Gratisprinsippet betyr ikkje at skular ikkje kan ta imot gåver som kjem elevane til gode i opplæringa. Dette kan vere reine pengegåver, dugnadsinnsats, elevprosjekt, klassekasser osv. frå føresette eller andre. Desse gåvene skal givast frivillig av føresette og skal kome alle elevane til gode.

FUG sitt forslag til løysing:

  • Skulane skal ha det som hovudregel at alle aktivitetar skal vere gratis for alle elevar. Føresette må givast forståing av at dersom fleirtalet vedtek å samle inn pengar til ein aktivitet, betyr ikkje dette at alle må bidra og at dersom aktiviteten skjer innanfor ordinær undervisningstid, har alle elevane rett til å vere med.
  • Skulane skal kunne dokumentere at bidraget til føresette vert gitt under full frivillig medverknad og anonymitet.
  • Statsforvaltaren bør føre tilsyn med gratisprinsippet på fleire skular og oppmode føresette til å melde avvik på dette området.

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev