
Gratisprinsippet i lova sikrar at det ikkje skal koste pengar å gå på skule i Noreg. Les meir om kva dette betyr for mogelege utgifter i skulekvardagen.
Det er eit grunnleggande prinsipp at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis, det seier opplæringslova paragraf 2-5.
Dette betyr at kommunen ikkje kan kreve at elevar eller foreldre dekkjer utgifter knytta til opplæringa, for eksempel undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskule, ekskursjoner eller andre turar som er del av opplæringa. Dette kallast gratisprinsippet i grunnskolen.
Nokre skolar praktiserer likevel innsamling til klasseturar eller sosiale tilstellingar, men dette meiner vi i foreldreutvalet at er uheldig. Nokre foresatte kan føle seg pressa til å bidra og kan oppleve det vanskeleg å seie ifrå om dei til dømes har dårleg råd.
UDIR har laga ein rettleiar om gratisprinsippet.
Kan obligatoriske skoleturar koste penger?
Alle skoleturar blir rekna som ein del av opplæringa og er derfor obligatoriske. Etter gratisprinsippet skal slike turar ikkje koste noko for elevane. Likevel kan det av og til opplevast som om turane er frivillige, eller at betaling er forventa. Dette er ikkje i tråd med regelverket, og kan føre til at nokre elevar kjenner seg ekskluderte frå fellesskapet på grunn av manglande betalingsevne.
Kan skular ta imot gåver?
Gratisprinsippet betyr ikkje at skolar ikkje kan ta imot gåver som kjem elevane til gode i opplæringa. Dette kan vere reine pengegåver, dugnadsinnsats, elevprosjekt, klassekasser osv. frå føresette eller andre. Desse gåvene skal givast frivillig av føresette og skal kome alle elevane til gode.
FUG sitt forslag til løysing:
- Skolane skal som hovudregel sørgje for at alle aktivitetar er gratis for alle elevar. Foresette skal få tydeleg informasjon om at sjølv om fleirtalet ønskjer å samle inn pengar til ein aktivitet, betyr ikkje det at alle må bidra. Dersom aktiviteten skjer i ordinær undervisningstid, har alle elevar uansett rett til å vere med.
- Skolane skal kunne dokumentere at bidraget til føresette vert gitt under full frivillig medverknad og anonymitet.
- Statsforvaltaren bør føre tilsyn med gratisprinsippet på fleire skular og oppmode føresette til å melde avvik på dette området.
LES OGSÅ: Hva bør barnet mitt ha i skolesekken og hva kan jeg forvente at skolen stiller med?