Jeanette Trondsdatter Guttormsen

Eg heiter Jeanette Trondsdatter Guttormsen, er 39 år og bur i den flotte bygda Lakselvbukt i Tromsø kommune. Eg har fem barn, tre gutar og to jenter i alderen 2, 11, 13, 17 og 20 år. Eg har arbeidd som kokk, reinhaldsarbeidar, butikkmedarbeidar og målar, men jobbar no i Lakselvbukt barnehage og trivst veldig godt med det.

Eg har hatt verv som leiar og FAU-medlem ved Lakselvbukt skole i 15 år. I tillegg har eg hatt verv i Tromsø kommunale foreldreutval i 2013/14. Eg har vore engasjert i FAU sidan den første sonen min byrja i 1. klasse. Det er veldig interessant å få vera med i prosessane som går føre seg rundt lærings- og skolemiljøet.

Skole-heim samarbeid har alltid vore ei hjartesak for meg. For meg er det viktig å vera ein pådrivar for å fanga interessa til alle foreldre, slik at dei ønskjer å engasjera seg og å medverke i skolekvardagen til barna sine.

Eg brenn spesielt for distriktsskolane og å få snudd trenden med skolenedlegging rundt om i landet. Alle vaksne rundt barn og unge, har eit felles ansvar for å skapa eit trygt oppvekst- og læringsmiljø, og dette må gjerast med felles forståing og strategi.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev