Utvalgsmedlemmene
Her er representantene til foreldreutvalet som blei oppnemnt for perioden 2024-2027 av Kunnskapsdepartementet hausten 2023. Finn ut kor dei kjem frå, kva for bakgrunn dei har og kva dei brenn for.
Her er representantene til foreldreutvalet som blei oppnemnt for perioden 2024-2027 av Kunnskapsdepartementet hausten 2023. Finn ut kor dei kjem frå, kva for bakgrunn dei har og kva dei brenn for.
Leiar
Eg heiter Ståle Sand Kalkvik, er 52 år og bur i Trondheim saman med Ragnhild og våre barn; Hedda (19) og Mari (11). Eg jobbar nå som seniorrådgivar ved NTNU Universitetsbiblioteket.
Eg har hatt verv som FAU-leiar i fem år, samt nestleiar og leiar i kommunalt foreldreråd for skole (og etter kvart barnehage) i til saman nesten tre år. Sit framleis som FAU-medlem ved Brundalen skole.
Eg brenn spesielt for dei svakaste barna/familiane og dei aukande sosioøkonomiske forskjellane i samfunnet, digitalisering/kunstig intelligens, og dessutan skolen, elevane og foreldra si forståing for demokrati og samfunn – her under skole-heim-samarbeid og skoledemokratiet
Nestleiar
Eg heiter Johanne Olaussen, er 32 år. Eg kjem frå Nordreisa i Nord-Troms, men bur i Oslo. Eg har to barn, fødd i 2014 og 2011.
Eg har erfaring som sjølvstendig næringsdrivande, økonomikonsulent i stab for oppvekst og kultur og rekneskapssjef i Nordreisa kommune. Eg jobbar no som rådgjevar i KS i område for samfunn, velferd og demokrati avdeling for kommuneøkonomi.
Eg har vore klassekontakt, hatt verv som folkevalt i hovudutval for oppvekst og kultur, og vore vara til representanten til barna i plansaker. Eg har òg erfaring frå å vera elevrådsrepresentant, ungdomsråd og har sitte i fylkesrådet til ungdommen.
Eg brenn for at alle barn skal oppleva eit trygt, inkluderande og godt skolemiljø. Eg vil jobbe ekstra hardt for dei sårbare barna – dei som har ufrivillig skolefråvær, eller som ikkje opplever skolen som eit trygt og godt sted å vere.
Eg heiter Alf H. Aronsen, er 44 år og bur i Haugesund saman med kona mi Stina og dei to barna våre på snart 10 og 12 år. Eg er utdanna lærar og jobbar no som kommunikasjonsrådgjevar på Høgskulen på Vestlandet.
Eg har hatt verv som både klassekontakt og FAU-medlem i fire år. Eg er no FAU-leiar ved Solvang skole i Haugesund, som også inneber at eg er medlem av samarbeidsutvalet (SU) og skolemiljøutvalet (SMU) ved skolen. Eg er òg medlem av det kommunale foreldreutvalet (KFU) i Haugesund kommune.
Eg brenn for medverknad, skole-heim samarbeid og gratisprinsippet i skolen. Eg er òg oppteken av at alle skolar skal ha tilgjengelege og godt utforma skolegardar med innbydande aktivitetar og sosiale rom for alle barn og unge. Me må òg styrkja dei praktisk-estetiske faga i skolen, regulera skjermbruk, sjå på praksisen rundt heimelekser og jobba for auka rekruttering til læraryrket.
Eg heiter Christopher Sandal Donné, er 41 år og bur på Hanøy i Askøy kommune saman med kona mi Ina og barna våre Leah (13), Alexandra (12), William (15), Noah (12) og Haakon (2).
Eg jobbar som kranførar hos Vatne transport og har jobba innan faget kran/logistikk i 22 år. Eg har tidlegare vore FAU-leiar på Hanøy skole og leiar av kommunalt foreldreutval Askøy i til saman seks år. Eg sit no i FAU på Ravnanger ungdomsskule.
Mitt største engasjement er rundt skole-heim samarbeid, og eg meiner det bør etablerast kommunalt foreldreutval i alle kommunane i landet.
Eg heiter Jeanette Trondsdatter Guttormsen, er 39 år og bur i den flotte bygda Lakselvbukt i Tromsø kommune. Eg har fem barn, tre gutar og to jenter i alderen 2, 11, 13, 17 og 20 år. Eg har arbeidd som kokk, reinhaldsarbeidar, butikkmedarbeidar og målar, men jobbar no i Lakselvbukt barnehage og trivst veldig godt med det.
Eg har hatt verv som leiar og FAU-medlem ved Lakselvbukt skole i 15 år. I tillegg har eg hatt verv i Tromsø kommunale foreldreutval i 2013/14. Eg har vore engasjert i FAU sidan den første sonen min byrja i 1. klasse. Det er veldig interessant å få vera med i prosessane som går føre seg rundt lærings- og skolemiljøet.
Skole-heim samarbeid har alltid vore ei hjartesak for meg. For meg er det viktig å vera ein pådrivar for å fanga interessa til alle foreldre, slik at dei ønskjer å engasjera seg og å medverke i skolekvardagen til barna sine.
Eg brenn spesielt for distriktsskolane og å få snudd trenden med skolenedlegging rundt om i landet. Alle vaksne rundt barn og unge, har eit felles ansvar for å skapa eit trygt oppvekst- og læringsmiljø, og dette må gjerast med felles forståing og strategi.
Eg heiter Attia Mirza-Mehmood, er 47 år og bur i Oslo saman med mannen min og to barn på 16 og 12 år.
Eg er utdanna i offentleg administrasjon og saksbehandling, sosiologi, juridiske fag og HR og prosjektleiing. Eg jobbar som leiar for SIMOF – Samhald i mangfald og frivilligheitsarbeid, i tillegg til å vera foredragshaldar og kurshaldar i mangfaldskompetanse og haldningsskapande arbeid.
Eg har hatt verv som SU-leiar, FAU-leiar og FAU-medlem, DS-medlem, SMU-medlem, nestleiar i Oslo KFU og utvalsmedlem ved Teisen Vest barnehage, Teisen Gård barnehage, Bryn skule, F21 ungdomsskule i til saman 15 år.
Eg brenn spesielt for barn og unges oppvekstvilkår, heim- skulesamarbeid, foreldremedverknad, likestilling, diskriminering og laget rundt eleven.
Eg heiter Lill-Therese Varsi, er 35 år og bur Hovin, i Melhus kommune saman med mannen min Bernt Are Moshaug, og barna Juhán Anders 11 år, Olav-Peđar fire år og Maila-Kristine to år.
Eg er utdanna pedagog, og jobbar no som PP-leiar ved Rennebu PP-teneste. Eg har hatt verv som klassekontakt, nestleiar ved FAU og vararepresentant i SU ved Hovin skole i til saman fire år. No er eg vald som SU-medlem for Rosmælen skole.
Eg brenn spesielt for at foreldre skal vera trygge i rolla si som foreldre. Eit godt skole-heim samarbeid er viktig for å gjere foreldre til trygge vaksne. Å ha gode forventningsavklaringar mellom skole og heim er òg viktig. I tillegg brenn eg for at samiske barn skal få likeverdig opplæring som andre barn i skolen.
Varamedlem
Eg heiter Elisabeth Teige, er 45 år og bur i Volda, Møre og Romsdal saman med mannen min og tre barn på 8, 11 og 15 år. Eg er utdanna historikar med hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo og jobbar no som førstelektor i samfunnsfag ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Eg har hatt verv som klassekontakt og FAU-medlem, og dessutan nestleiar i FAU og SU-medlem ved Bratteberg skole i Volda til og frå i fleire år. Eg er i dag klassekontakt og ordinært medlem i FAU.
Eg brenn spesielt for at barna våre skal ha ein trygg og god skolekvardag der dei trivst og kan utvikla seg, ikkje berre fagleg, men òg som menneske. Eg er elles oppteken av at barn skal inkluderast uansett bakgrunn og eventuelle utfordringar, både i skolen og på fritida.
Varamedlem
Eg heiter Yngve Søderholm-Nodland, er 40 år og bur i Skien saman med kona Sara, sonen vår på 15 og dottera på 11, i tillegg til ein gammal katt.
Sidan hausten 2023 har eg vore lektor ved Skien vidaregåande skole, der eg i hovudsak underviser på utdanningsprogrammet sal, service og reiseliv, og noko undervisning på studiespesialiserande. Ved sidan av undervisning, har eg ein 40 prosent prosjektstilling i Norsk Tourette Foreining, der eg er rådgivar innan skule- og oppvekstfeltet.
Eg har hatt verv som kasserer i FAU i barnehage, og sit i FAU for 6.trinn ved ein skole i dag. Eg brenn spesielt for overgangen frå grunnskole til vidaregåande skole, og tilrettelegging for elevar med andre evner og behov enn «gjennomsnittseleven».