
Denne hausten fyller FUG 50 år. I den samanhengen har vi snakka med tidlegare utvalsleiarar om erfaringane deira frå tida i FUG. Vi startar med ein telefon til FUG sin aller første leiar, Karin-Marie Flo.
– Først og fremst må eg seie at eg er veldig glad og stolt over dei åtte åra eg leia FUG, kvitrar Karin-Marie Flo frå leilegheita si i Sandviken i Bergen.
Medan FUG nærmar seg 50 år, nærmar den aller første leiaren i utvalet seg 90. Då vi får tak i henne i leilegheita i Sandviken, er ho oppteken med å sjå fram til sin eigen bursdag, men ho tek seg likevel tid til eit tilbakeblikk på tida i FUG.
Men før vi høyrer meir frå Karin-Marie, må vi seks tiår tilbake i tid for å forstå korleis FUG vaks fram. Eit lite frø vart sådd då det i 1969 for første gong vart vedteke at alle foreldre automatisk skulle vere medlemar i foreldrerådet ved skolen til barna sine. Klassekontaktar, FAU og samarbeidsutval vart lovfesta i skolane, og klassestyraren skulle halde foreldremøte i samarbeid med klassekontaktane. Då som no sa lova ingenting om korleis foreldra skulle setjast i stand til å fylle rollene sine, og det var heller ikkje lagt til rette for informasjon og opplæring.
På byrjinga av 1970-talet byrja Norges Husmorforbund å arbeide med samarbeid mellom heim og skole. Med støtte frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet laga dei mellom anna materiell og kursopplegg. Så, på midten av 1970-talet, oppretta Kyrkje- og undervisningsdepartementet ei referansegruppe av foreldre under Grunnskolerådet. Dette var pikenamnet til FUG. Gruppa fann sin første leiar i Norges Husmorforbund: Karin-Marie Flo.
Uformell middag
– Grunnskolerådet hadde ikkje same interessa for arbeidet vårt som Kyrkje- og undervisningsdepartementet hadde i starten, men vi kom oss i gang på eit vis, hugsar Flo.
Referansegruppa, som vi frå no av omtalar som FUG, hadde to oppgåver. Den første var å ta initiativ til å auke foreldra sitt engasjement i skolen, spreie aktuell informasjon og arbeide for å fremje eit godt samarbeid mellom heim og skole. Den andre oppgåva var å ta vare på foreldra sine interesser og fremje synspunkta deira overfor offentlege styresmakter.
Sju foreldre frå ulike delar av landet sette i gang arbeidet med å lage informasjonsbrev til FAU og klassekontaktar over heile landet.
– Alle tok på seg oppgåver, ingen sluntra unna. Breva sende vi direkte til rektorane med ønskje om at dei skulle vidareformidle dei til FAU. Nokre stoppa breva og lét vere å sende dei vidare, men dei fleste sende dei vidare, fortel ho.
Utvalet måtte klare seg med ein sekretær frå Grunnskolerådet. Vedkomande hadde ansvar for å skrive referat og finne ut kvar og når møta skulle haldast. Grunnskolerådet var òg pålagt å dekkje utgiftene til utvalet.
– Det var stor stas då vi kom inn som ein eigen post på statsbudsjettet mot slutten av 1970-talet, smiler Flo.
Eit godt råd
Møta vart arrangerte på hotell i nærleiken av Oslo, men aldri i sjølve kommunen. Grunnen var at eitt av utvalsmedlemene ikkje ville få dekt utgifter til overnatting i eigen heimkommune.
– Eg har eit godt råd når det gjeld møte: Møt kvarandre kvelden før til ein uformell middag. Det gjorde vi kvar gong. Slik vart vi kjende med kvarandre og bygde tillit, noko som gav gode resultat.
I oppstarten fekk utvalet innspel og støtte frå etablerte foreldreorganisasjonar i Danmark, Finland og Sverige. Leiarvervet i FUG innebar mykje foredragsverksemd og kurs for foreldre og lærarar.
– Ein opplevde mykje rart rundt omkring. På ein skole der eg skulle halde foredrag, stilte ein stor og kraftig rektor seg framfor døra og sa: «Du er ikkje velkomen på min skole.» «Skolen er like mykje min», svara eg. Til slutt sleppte han meg motvillig inn, men han stod i døra heile tida og følgde med på kva eg sa.
På ein annan skole var forholdet mellom lærarar og foreldre heilt på bristepunktet. For å få slutt på konflikten kalla rektor inn FUG for å snakke fornuft med lærarane og foreldregruppa.
– Det var planlagt eit opplegg der lærarane skulle servere betasuppe frå skolekjøkenet til foreldra. Eg trur nok rektor hadde pålagt lærarane å servere, for dei gjorde det med særs sur mine. Det var kanskje ikkje den mest vellukka løysinga, men det enda likevel positivt. Vi fekk etablert kontakt og mekla mellom partane, så situasjonen vart betre, humrar ho.
Spandable lærarstudentar
I tillegg til å besøkje ei rekkje skolar møtte Karin-Marie òg i lærarutdanningsrådet. Der la ho fram konkrete forslag til korleis samarbeidet mellom heim og skole kunne styrkjast i lærarutdanninga.
– Vi fekk ikkje gjennomført alt slik vi ønskte, men vi fekk i alle fall gjennomslag for at lærarstudentane måtte få konkrete tema å arbeide med. Etter kvart vart vi inviterte til lærarutdanningar over heile landet. På Bergen lærarskole hadde vi fast kurs om samarbeid mellom skole og heim kvar haust. Studentane tørsta etter kunnskap, medan leiinga ikkje alltid var like begeistra. På lærarskolen i Oslo fekk eg eigentleg ikkje lov til å kome, men studentane var ivrige og dekte både flybilletten frå Bergen og opphaldet mitt i Oslo.
I tillegg til foredraga, som framleis er ein viktig del av FUG sitt mandat, vart dei òg kontakta av foreldre som stod i konflikt med skolen.
– Ofte handla førespurnadene om foreldre som ikkje nådde fram med saka si overfor skolen. Vi prøvde heile tida å balansere dette, for det er jo ikkje alltid skolen har skulda, seier Flo.
Blei sjølv rektor
Etter to periodar og åtte år som leiar i FUG fekk ho tilbod om å halde fram. Men i 1984 takka ho for seg, og nestleiaren hennar gjennom åtte år, Eystein Bekkelund, tok over stafettpinnen.
– Eg hadde teke lektorutdanning ved sida av leiarvervet i FUG, og då eg var ferdig utdanna, syntest eg ikkje det var rett at ein lærar skulle leie FUG. Eg samarbeidde svært godt med Eystein, så eg var glad for at det var han som vart ny leiar.
Etter tida i FUG gjekk ho inn i skoleverket. Mellom anna var ho i fleire år rektor ved ein vidaregåande skole i Bergen med yrkesfaglege utdanningsprogram.
– Eg innførte foreldremøte på første trinn, der både lærarar og elevar skulle delta. Det var uvant for lærarane i starten, men det viste seg å vere svært givande. På yrkesfag er foreldra veldig interesserte i å sjå kva ungdomane deira arbeider med på skolen.
Sjølv om ho hadde svært travle år i FUG, ser ho tilbake på tida med stor stoltheit.
– Det var møte over heile landet, medan eg hadde små barn heime. Takket vere ein god mann på heimebane fekk eg det til. Det var svært interessante og travle år, og eg er glad og stolt over at eg fekk vere med på dette, avsluttar ho.
Utval 1976–1979:
Karin-Marie Flo, leder, Hordaland. Eystein Bekkelund, nestleder, Buskerud. Inga Richardsen, Nordland. Maja Osberg, Hedmark. Eva Semmerud, Oslo Eva Bang, Nordland. Jan Eiler Fleischer, Oslo. Henry Øiann, Sør-Trøndelag.
Utval 1980–1983:
Karin-Marie Flo, leder, Hordaland. Eystein Bekkelund, nestleder, Buskerud. Erna Presttun, Sogn og Fjordane. Margarethe Haugen, Oslo. Henry Øiann, Sør-Trøndelag. Inga Richardsen, Nordland. Bjørn Hagen, Hedmark. Aase Tjemsland, Rogaland.
Her kan du finne utvalsmedlemmer frå andre periodar