Første skoledag

Første skoledag
Biletet viser ei spent jente på første skoledag.

Første skoledag er ein milepæl, og barna og føresette er omtrent like spente. Det har heilt sikkert vore mange dagar, eller kanskje veker og månader med sommarfuglar i magen. Kven skal gå i klassa mi og kva skal eg ha i sekken?

Det er mange spørsmål knytt til den nye kvardagen. Det som er sikkert er at alle barn har behov for tryggleik når det skjer endringar. Derfor er det lurt å planlegge og snakke mykje om overgangen og den nye skolekvardagen. Når barnet er godt førebudd på kva som skal skje, vert han eller ho betre rusta til å meistre den nye kvardagen.

Inkludering er dei vaksne sitt ansvar

Det at barna får seg venner er noko av det viktigaste foreldre ved skolestart. Både foreldre og lærarar kan hjelpe til med å byggje venskap. Alle har eit ansvar for at andre sine barn vert inkluderte. Eit godt tips er å ta initiativ til å bli kjent med andre foreldre og barn i same situasjon. Det kan vere på veg til SFO, på den første skoledagen, i skolegarden eller i foreldremøte.

Ein fin måte å gjere seg kjent med foreldre og barn i ein ny klasse er å ta verv som klassekontakt. Sett deg inn i rolla før første foreldremøte:

HER FINN DU ALT DU TRENGER Å VITE OM ROLLA SOM KLASSEKONTAKT

Tips til foreldre før første skoledag

Skolestart er ei stor hending for barna. Barnehagen og skolen har stort sett eit godt samarbeid om overgangen slik at dei første dagane på skulen vert ei god oppleving for barna. Barnet ditt skal opphalde seg mange timar, mange dagar i veka på skulen og det er viktig at miljøet i klassa vert godt for alle barn. Når barnet har venner og trivst på skolen, leggast det betre til rette for læring. Du som forelder speler òg ei viktig rolle for at ditt og andre sine barn skal ha ein god skolekvardag.

Før skolestart:

  • Snakk med andre foreldre i barnehagen om dei har barn som skal begynne på same skule, det kan vere fint for barna å vite at dei har nokon dei kjenner den første tida.
  • Besøk skulen når den er stengd slik at barnet ditt vert kjent med uteområda der, og øv på å gå skulevegen saman.
  • Hjelp barnet til å bli sjølvstendig med dobesøk og på- og avkleding i garderoben. La dei øve på å vente på tur og tole nederlag. I skolen er det færre vaksne per barn, og lærarane har ikkje tid til å gi like mykje hjelp som i barnehagen. Difor er det òg fint å lære barna å rydde etter seg og sjå gevinsten i å hjelpe kvarandre med ulike praktiske gjeremål.
  • Bygg forventning og hjelp barnet å gle seg til skolestart. Snakk om alt det fine dei skal lære og kor mange dei kjem til å bli kjent med. Snakk om kva som skal vere med i sekken, at dykk må lage niste og gjere klar tøy og anna utstyr. La barnet få moglegheit til å ta del i dei praktiske førebuingane dagen i førevegen.

Etter skolestart:

  • Bli kjent med andre foreldre. Det er fint for barna å vite at foreldre kjenner kvarandre og det kan vere godt å ha andre foredlre å drøfte med.
  • Engasjer deg! Som klassekontakt eller FAU-medlem vert du betre kjent med skolen og dei andre foreldra og du bidreg til ein betre skolekvardag for barnet ditt.
  • Hjelp barnet ditt å få venner. Inviter barn i klassa med heim frå skulen eller arranger vennegrupper.
  • Tenk på korleis du som forelder kan legge til rette for bursdagsselskap og andre sosiale samankomstar, slik at alle barna i klassa vert inkludert.
  • Snakk positivt om skulen og om faga, det påverkar haldninga barnet har til skulen og læring.
  • Vêr førebudd på at du kjem til å ha mindre kontakt med dei tilsette på skulen enn i barnehagen.
Les også vår brosjyre «Har du barn som skal begynne på skolen». Du finner den på åtte ulike språk.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev