
Denne hausten fyller FUG 50 år. I den samanhengen har vi snakka med tidlegare utvalsleiarar om erfaringane deira frå FUG. Denne gongen har vi snakka med Per Sverre Rannem, som var leiar i FUG frå 1988 til 1992.
Sundvolden hotell, ein gong mot slutten av 1980-talet. På landsmøtet til Lærarlaget er FUG-leiar Per Sverre Rannem invitert til å seie nokre ord om samarbeidet mellom skole og heim. Han serverer sanningas ord slik han ser det – rått og utilslørt.
– Kyrkje- og undervisningsminister Mary Kvidal skjøna ikkje korleis eg våga å vere så frisk med lærarane. Eg sa vel ein del ting, og til slutt var det ein lærar som reiste seg i salen og sa at dersom eg ikkje heldt kjeft, skulle han hive meg på Tyrifjorden, ler Per Sverre Rannem.
Kva som skjedde etterpå, skal vi kome tilbake til.
– Har eit farleg minne
Det er tidleg i juli når vi forstyrrar Per Sverre Rannem. Han er på veg til legen med kjerringa. Først skal 83-åringen arbeide med rekneskap, men han lovar å ringje oss opp att. Det gjer han, og han har inga problem med å hugse fire tiår tilbake.
– Folk seier eg har eit farleg minne, opnar han.
Årsaka til at han blei nominert til FUG, var eit uvanleg stort engasjement for samarbeidet mellom skole og heim på 1980-talet. Etter at han blei vald til FAU-leiar ved Egge barneskole i Steinkjer i 1984, snudde han opp ned på foreldrerolla.
– Egge barneskole var den største barneskolen i Steinkjer, med over 320 elevar og eit tøft miljø. Psykolog Ole Meier Kjerkol blei invitert til å snakke om korleis ein kunne få til eit godt samarbeid mellom skole og heim. Bodskapen hans var at når foreldra til ungane blir kjende med kvarandre, og ungane oppdaga at foreldra snakka med kvarandre om forholda på skolen, så ville mobbinga gå ned.
Forlanga å få leie foreldremøte
Kjerkol sitt føredrag gjorde inntrykk, og Rannem sette i verk tiltak. Han tok kontakt med Kjerkol og fekk hjelp til å lage eit opplærings- og diskusjonsprogram om korleis klassekontaktane skulle arbeide på foreldremøte.
– Vi hadde «storforeldremøte» eller foreldrerådsmøte. Eg kravde at det var eg som skulle leie møtet, ikkje rektor eller skoleleiinga. Dei måtte gjerne kome på møtet og halde innlegg og svare på spørsmål som kunne kome opp, og få anerkjenning for det arbeidet dei gjorde på skolen. Når det gjaldt foreldremøta i dei ulike klassane, kravde eg at det skulle vere klassekontaktane som leidde møta, ikkje lærarane. Dette skulle styrkje medverknaden til foreldra. Klassekontaktane fekk opplæring i korleis dei skulle arbeide for å få til ei konsekvent haldning mellom skole og heim.
Forbanna vestkantdame
Skoledirektøren i Trøndelag høyrde gjetord om opplegget i Steinkjer. Rannem vart kalla inn til han og lova å kome på møta som skoledirektøren heldt for representantar frå skolane om FAU-medlemmene ved skolane. Etter kvart vart han invitert til eit stormøte med andre skoledirektørar frå heile landet.
– Eg hugsar eit møte i 1988. Eg skulle opp på scena og sat på første rad. Ved sida av meg sette det seg ei dame frå ein av Oslos finaste vestkantar. Då ho høyrde at eg kom frå Steinkjer, sa ho: «Dere bønder kan kanskje ikke så mye om samarbeidet mellom skole og hjem. Under middagen i kveld skal jeg fortelle deg litt om hvorledes det fungerer». Etter å ha høyrt det eg fortalde om arbeidet ved Egge frå scena, blei ho forbanna på meg. Vi sat ikkje saman under middagen den kvelden.
Ingen andre i Noreg hadde gjort noko tilsvarande det dei hadde starta med ved Egge barneskole, men mange følgde etter. Resultatet var at Kyrkje- og undervisningsdepartementet valde Rannem til leiar i FUG i 1988.
Besøkte 150 skoler
Denne perioden hugsar han som ei «lærerik og oppkvikkande tid». I løpet av dei fire åra besøkte han og heldt foredrag ved over 150 skolar, frå Kristiansund i sør til Lakselv i nord.
– Kvar eg ikkje har vore, veit eg ikkje.
Han ser også med glede tilbake på Grunnskolens veke – ein årleg møteplass med særleg merksemd på samarbeidet mellom skole og heim.
Frå 1988 til 1992 hadde Rannem fire ulike kyrkje- og undervisningsministrar å forhalde seg til.
– Det var Kirsti Kolle Grøndahl (Ap) i 1988. Deretter Mary Kvidal (Ap), som eg hadde eit kjempegodt forhold til. Så blei det regjeringsskifte. Einar Steensnæs (KrF) trur eg ikkje eg skal seie så mykje om. Gudmund Hernes (Ap) hadde eg også eit kjempeforhold til. Han ville ha meg med vidare som leiar i 1992, men då måtte eg forklare at eg ikkje lenger ville oppfylle mandatet, sidan «litj-veita» mi var på veg ut av grunnskolen og over i videregåande.
Ville leggje ned FUG
Han hugsar meir. Tidleg på 1990-talet blei eksistensen til FUG utfordra. Ifølgje Rannem var det ei mindre gruppe foreldre frå Oslos vestkant som ønskte at pengane som gjekk til FUG, i staden skulle brukast på ei foreining kalla Foreldre for skolen.
– Dei ville at foreldre skulle betale kontingent for å vere medlemmar. Då eg informerte dei om at det er lovfesta at alle foreldre er med i FUG, og at «medlemskapet» er gratis, blei det bråstopp for planane, seier Rannem triumferande.
– Har hørt verre ting
Nær 40 år seinare har trebarnsfaren oldebarn som snart skal byrje på Steinkjer barneskole. Han har òg åtte år bak seg som ordførar for Arbeidarpartiet i Steinkjer kommune. Det vart mange år i banken, og framleis fører han rekneskap for enkelte bedrifter og organisasjonar. I 2023 gjorde han comeback i lokalpolitikken, og er no inne i sin femte valperiode i kommunestyret.
– Eg er framleis svært oppteken av skolen si rolle og prøver å følgje med så godt eg kan. Det eg er mest stolt av, er opplæringa av klassekontaktane og arbeidet med å gjere dei bevisste på rolla dei har i samarbeidet mellom skole og heim. Eg opplevde at det på klasseforeldremøte i klassar med 24 elevar var over 42 foreldre/føresette til stades, og alle elevane i klassen hadde minst éin forelder eller føresett der.
Så avsluttar vi der vi byrja – på Sundvolden hotell. Kva sa han eigentleg då han blei trua med å bli kasta i Tyrifjorden?
– Eg sa som sant var at eg var trøndar frå bygda, og at eg hadde fått verre truslar enn å bli kasta uti eit vatn. Han måtte berre prøve seg, men som trønder kunne eg ta igjen.
Polert kilde: Jubileumsheftet FUG 40 år (2016)
Utvalg 1988–1991: Per Sverre Rannem, leder, Nord-Trøndelag. Anne Lise Hovdenak, nestleder, Aust-Agder. Sissel Kværne Vestre, Sogn og Fjordane. Kamil Z. Øzerk, Oslo. Kristin Solberg, Troms. Håvard Stenbeck, Oslo. Lars Klevstrand, Oslo. Karin Ringholm, Nordland. Harald Lande, Vest-Agder.
Her kan du sjå kven som har vært ein del av utvala i tidlegare periodar.