
Denne hausten fyller FUG 50 år. I den samanhengen har vi snakka med tidlegare leiarar i utvalet om erfaringane deira frå FUG. Denne gongen har vi snakka med Eystein Bekkelund, som var leiar frå 1984 til 1988.
Det er ein våt julidag når vi får tak i Bekkelund på hytta på Ustaoset. Her, i det han kallar den nyoppbygde pensjonistbustaden sin, tilbringer han ein tredel av året. Resten av tida bur han i Drammen. Ein betydeleg del av livet har han også brukt i FUG. Allereie i det første utvalet, frå 1976 til 1980, var han på plass – då som nestleiar under Karen-Marie Flo.
– Vi sat saman i førarsetet under etableringa. Vi krangla ikkje om kven som skulle bestemme, vi jobba godt saman, og stemninga var jovial og god. Då eg gjekk av som leiar i 1988, var Foreldreutvalet akkurat heimla i lov om grunnskolen. Så eg fekk vere med på heile etableringsfasen, fortel Eystein Bekkelund.
12 år i FUG
Han var berre 28 år då han blei nominert og hamna i FUG, som den gongen hadde det noko humpete namnet Referansegruppe av foreldre under Grunnskolerådet. For å bli oppnemnd måtte medlemmene vere skuleinteresserte, ha barn i grunnskolen eller ha barn med funksjonsnedsetjingar. Det skulle også vere god geografisk spreiing og ei jamn fordeling mellom kvinner og menn.
Bekkelund har ein son med funksjonsnedsetjing og kom inn i FUG på grunn av engasjementet sitt Norske Spesialskolers foreldrelag. Lite visste han då at han skulle bli sitjande i FUG i 12 år – først åtte år som nestleiar, deretter fire år som leiar.
– Oppdraget vårt var å få samarbeidsorgana, oppretta ved endring i Lov om Grunnskolen i 1969, til å fungere i praksis, hugsar han.
Dette blei blant anna gjort ved hjelp av store postutsendingar. I 1978 gjekk det første rundskrivet ut. Målgruppa var FAU ved alle skolane i landet.
– På den tida fanst det ikkje e-post, berre trykte brev i svart-kvitt. I starten opplevde vi at breva ikkje blei lesne. Det endra seg då vi fann fram blå kulepenn og skreiv personleg under på alle før vi sende dei av garde. Då opplevde vi faktisk at dei blei lesne på ein heilt annan måte.
– Eit hår i suppa
I starten var FUG ei referansegruppe under Grunnskolerådet, som rådde Kyrkje- og undervisningsdepartementet i skolespørsmål. FUG fekk oppdrag frå rådet, men hadde også høve til å løfte fram saker på eige initiativ.
Som leiar i FUG hadde Bekkelund møte- og stemmerett i Grunnskolerådet. Mellom sakene dei arbeidde med, var revisjonen av Mønsterplan for grunnskolen (M87) – forløparen til dagens læreplan.
– Vi kjende oss som eit hår i suppa for dei heilt i starten. Men det endra seg veldig då vi arrangerte eit kurs for foreldre og lærarar i Alta i 1978. Grunnskolerådet, som hadde eit stort sekretariat, kom opp for å finne ut kva vi sølte bort pengane på. Det var jo ganske morosamt, for dei hadde ein leiar med direktørtittel, som tok seg sjølv ganske høgtidleg. I løpet av dei tre dagane der oppe tødde dei opp og blei rett og slett litt frelste av oppgåva vi var sette til å løyse. Det hjelpte veldig. Vi var jo avhengige av goodwill for å utvikle dette, smiler Bekkelund.
I tillegg til å sende ut rettleiingshefte til klassekontaktar og foreldreutval ved skolane, blei FUG – som i dag – kontakta av foreldre som opplevde at dei ikkje blei tekne på alvor i skuleverket.
– I mange av sakene skreiv vi brev til skolane, som blei stempla og underteikna av Grunnskolerådet. At breva kom frå øvste hald til dei aktuelle skolane, løyste mange problem for foreldra sjølv om innhaldet hovedsakleg var rettleiing om rett tenesteveg for å ta opp saka. Då blei sakene tekne meir på alvor.
Nye namn, meir ansvar
I 1980 skifta utvalet namn. Opp av oska steig Foreldreutvalet under Grunnskolerådet. Det kan sjå ut som om tanken var at kjært barn skulle få mange namn, for alt i 1984 kom eit nytt namn på plass: Foreldreutvalet for grunnskolen. Samtidig fekk utvalet ein ny status. No skulle det vere eit sjølvstendig rådgjevande organ, direkte knytt til Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og sekretariatet blei skilt ut frå Grunnskolerådet.
I løpet av dei 12 åra utvikla FUG seg frå å ha eit halvt årsverk i sekretariatet til to–tre årsverk utover 1980-talet. Bekkelund sjølv stod på lønningslista med ein femtedels stilling som leiar. Under leiinga hans frå 1984 til 1988 blei foreldre, gjennom FUG, for første gong inviterte inn i arbeidet med ein læreplan.
– Det var mykje arbeid. Eg var på plass i Oslo ein dag i veka, i lokala til sekretariatet i Grunnskolerådet. Vi hadde også en viss kontakt med Rådet for vidaregåande opplæring, Lærarutdanningsrådet og Forsøksrådet for skoleverket. Desse rådsorgana blei lagde ned samtidig som FUG blei heimla i grunnskolelova, berre nokre veker før eg gav meg mot slutten av 1987.
Mykje arbeid
Etter at han gav seg, gjekk han for fullt inn i arbeidet med sal av stålkomponentar og innstøypingsgods til betongindustrien frå eige selskap. No er han pensjonist, og han ser med glede tilbake på dei tolv åra i FUG fordelt på tre utvalsperiodar.
– Dei aller fleste av oss i utvalet blei gode venner, og det er eigentleg synd at vi ikkje har prioritert å halde kontakten. Når eg ser tilbake på livet mitt, har eg nok vore for mykje arbeidsnarkoman. Eg kunne nok brukt litt mindre tid på arbeid og litt meir på å vedlikehalde nettverk, avsluttar han.
Kilde: Jubileumsheftet FUG 40 år (2016)
Utval 1976–1979:
Karin-Marie Flo, leiar, Hordaland. Eystein Bekkelund, nestleiar, Buskerud. Inga Richardsen, Nordland. Maja Osberg, Hedmark. Eva Semmerud, Oslo Eva Bang, Nordland. Jan Eiler Fleischer, Oslo. Henry Øiann, Sør-Trøndelag.
Utval 1980–1983:
Karin-Marie Flo, leiar, Hordaland. Eystein Bekkelund, nestleiar, Buskerud. Erna Presttun, Sogn og Fjordane. Margarethe Haugen, Oslo. Henry Øiann, Sør-Trøndelag. Inga Richardsen, Nordland. Bjørn Hagen, Hedmark. Aase Tjemsland, Rogaland.
Utval 1984–1987:
Eystein Bekkelund, leiar, Buskerud. Margarethe Haugen, nestleiar, Oslo. Erna Presttun, Sogn og Fjordane. Elfie Dørum, Vest-Agder. Jon Ekeland, Sør-Trøndelag. Leif Kampestuen, Nordland. Kusum Kaura, Oslo. Sissel Kværne Vestre, Sogn og Fjordane.
Her kan du finne utvalsmedlemmer frå andre periodar