Rettar og plikter i skulen

Alle born og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring. I denne artikkelen ser vi nærare på kva det inneber.

Kva er rettane og pliktene til elevane og føresette i samband med grunnskuleopplæringa, og kva er kommunens/skuleeigaren sine?

Rett og plikt til grunnskuleopplæring

Alle born og unge i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring.

Den kan følgjast opp på fire måtar:

  • Offentleg grunnskule
  • Privat heimeundervisning
  • Privat grunnskule godkjend etter friskulelova
  • Privat grunnskule godkjend etter opplæringslova

Føresette står i utgangspunktet fritt til å velje mellom desse, ein kombinasjon er ikkje tillaten. Grunnskuleopplæringa startar vanlegvis det kalenderåret bornet fyller 6 år. Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skuleåret.

Kommunen skal som hovudregel oppfylle retten til grunnskuleopplæring; anten gjennom ordinær opplæring eller spesialundervisning.

Kommunen skal ha eit forsvarleg system som er eigna til å:

  • Vurdere om krava i opplæringslova med forskrift er følgd
  • Støtte kommunen i å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar

Kommunen eller rektor kan innvilge ein elev permisjon frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Viss føresette ynskjer å ta borna ut av skulen i ein lengre periode, og dei oppheld seg i Noreg, gjeld reglane om privat heimeundervisning.

Les meir om reglane for permisjon og fråvær her

Skuleåret

Etter opplæringslova §§ 2-2 og 3-2 skal opplæringa i grunnskulen og vidaregåande strekke seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 43 samanhengande veker i skuleåret. Det er departementet som gir forskrifter om samla tid til opplæring i grunnskule og vidaregåande.

Kommunen står fritt til å innføre eit anna tal undervisningsdagar enn 190, så lenge dagane blir fordelte innanfor ei ramme på minst 38 og maksimalt 45 samanhengande veker. Kommunen gir forskrifter om skule- og feriedagar i skuleåret. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga av nasjonale prøver.

Departementet gir forskrifter om dagleg skuletid og pausar for elevane. Som hovudregel skal undervisninga gå føre seg mellom kl. 08.00 og kl. 15.30.

Fag- og timefordeling

All opplæring i fag skal vere etter læreplanane for Kunnskapsløftet.

Oppdaterte læreplaner finn du her.

Timetalet er fastsett som 60-minutts einingar for hovudtrinn i grunnskulen og for årstrinn i vidaregåande.

Det er fastsett eit samla minstetimetall for elevar på 1. – 7. trinn og for elevar på 8.-10-trinn som elevane har rett til. Skuleeigar står fritt til å tilby fleire timar utover dette. Det gjeld òg friskular. Eit utvida timetal utløyser ikkje auka tilskot, og timane kan berre nyttast til opplæring etter læreplanane i Kunnskapsløftet.

Fag- og timefordelinga blir fastsett av styret til skulen. Friskular som er godkjend for å drive etter alternative læreplanar må få fag- og timefordelinga godkjend som ein del av læreplanane i skulen.

Timetalet i fag er fastsett for hovudtrinn. For alle fag med unntak av norsk/samisk, matematikk, engelsk og naturfag er timetalet fastsett for bornetrinnet (1.-7. årstrinn) og for ungdomstrinnet (8.-10. årstrinn). For faga norsk/samisk, matematikk, engelsk og naturfag er timane fastsette for 1.-4. årstrinn, 5.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn. På 5.-7. trinn er det avsett 76 timar til fysisk aktivitet.

Friminutt

Det er skulen som avgjer korleis skuledagen skal leggast opp. Det skal skje med utgangspunkt i at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle born og unge har behov for små pausar for å kunne konsentrere seg og lære godt. Det treng ikkje alltid bety friminutt, men å gjere noko anna enn å fokusere på skulearbeidet.et.

Les meir om fysisk læringsmiljø her

Skulemåltid

Frå eit læringsperspektiv er måltida ein grunnleggande faktor for å fremje konsentrasjon og læring. I 2015 kom Helsedirektoratet med ei nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen. Den inneheld ulike oppmodingar for korleis elevane skal sikrast gode rammer for måltida og høg ernæringskvalitet på mat- og drikketilbodet. For mange born og unge utgjer måltid i skulen ein vesentleg del av det daglege inntaket av mat og drikke, anten maten er teke med eller servert. Mat og måltid i skulen har difor stor betyding for kosthaldet og matvanene til elevane.

Her er nokon av dei generelle oppmodingane:

  • Elevane bør få nok tid til å ete, minimum 20 minutt
  • Mat – og drikketilbodet bør byggast på Helsedirektoratets kostråd
  • Det bør takast omsyn til elevar med matallergi og matintoleranse
  • Ved servering av varmmat bør det varierast mellom fisk, kjøt– og vegetarrettar
  • Sjokolade, potetgull, godteri og annan snacks bør ikkje bli tilbydd
  • Sjå alle oppmodingane her

Sjå alle oppmodingane her

Fysisk aktivitet

Ifølgje forskrift til opplæringslova § 1-1 a har elevar på 5-7. årstrinn rett til jamleg fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Til saman utgjer dette 76 timar. Målet er at alle elevar skal få ein meir variert og aktiv skulekvardag uavhengig av funksjonsnivå.

Framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag

Det er ein felles læreplan i framandspråk som gjeld for alle framandspråk bortsett frå engelsk, svensk og dansk. Elevar på 8.–10. årstrinn skal anten ha arbeidslivsfag, framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk.

Skuleeigar skal tilby opplæring i framandspråk etter læreplanen i framandspråk på nivå I i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk. I tillegg kan skuleeigar tilby andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplan. Skuleeigar avgjer kva framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis tilbodet/tilboda skal organiserast.

Moglegheita til fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk er eit alternativ for elevar som ynskjer å auke kompetansen sin i eitt av desse faga i staden for å byrja med eit nytt framandspråk. Skuleeigar avgjer kva fordjupingsfag elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

  • Ha eit framandspråk i tillegg til engelsk på 8.-10.trinn samt dei to første åra i vidaregåande.
  • Ha arbeidslivsfag eller fordjupingsfag på 8.-10.trinn og eit framandspråk i tillegg til engelsk alle tre åra i vidaregåande.

Valfag for elevar på ungdomstrinnet

Skuleeigar avgjer kva valfag som skal bli tilbydd. Skuleeigar pliktar å setje i gang minimum to ulike valfag per skuleår. Timane som er sette av til valfag kan i staden nyttast til å ta fag frå vidaregåande opplæring..

Følgjande valfag vert tilbydd skuleåret 2020-2021:

  • Demokrati i praksis
  • Design og redesign
  • Friluftsliv (tidlegare Natur, miljø og friluftsliv)
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Idear og praktisk forsking (tidlegare Forsking i praksis)
  • Innsats for andre
  • Internasjonalt samarbeid
  • Kulturarv (tidlegare Levande kulturarv)
  • Medier og kommunikasjon (tidlegare Media og informasjon)
  • Praktisk handverksfag
  • Produksjon for scene (tidlegare Sal og scene)
  • Programmering
  • Reiseliv
  • Teknologi og design (tidlegare Teknologi i praksis)
  • Trafikk
  • Utvikling av produkt og tenester (tidlegare Produksjon av varer og tenester)

Lekser og leksehjelp

Det er skulen som avgjer om elevane skal ha lekser eller ikkje. Lekser er altså ikkje lovfesta, men fordi elevane har plikt til å delta i undervisninga, kan verken dei eller føresette velje å droppe lekser dersom skulen har bestemt at elevane skal gjere lekser. Leksene skal tilpassast kvar enkelt elev ved behov.

Som føresette er det viktig å vere engasjert og støtte bornet i arbeidet med leksene. Skulen bør legge til rette for eit godt samarbeid med føresette, til dømes ved å arrangere sosiale kveldar der føresette får erfaring med å hjelpe born med leksene.

Ifølgje opplæringslova § 13-7a skal elevane i løpet av 1.- 10.trinn ha fått tilbod om til saman åtte veketimar med gratis leksehjelp. Kommunen avgjer sjølv korleis desse timane skal fordelast mellom dei ulike trinna, difor er det ikkje sikkert at alle trinn får tilbod om leksehjelp.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev