Representantforslag om ein tryggare digital kvardag

Gutt som får individuell opplæring
Biletet syner ein lærar og ein elev som sit foran ein PC-skjerm

Stortingsrepresentantane Mirell Høyer-Berntsen og Sunniva Holmås Eidsvoll frå Sosialistisk venstreparti (SV) har fremja eit repsresentantforslag om ein tryggare digital kvardag. Forslaget gjeld utdeling og bruk av digitale einingar i skolen. Dei to representantane ynskjer at retningslinene frå Utdanningsdirektoratet skal oppdaterast og at regjeringa må utgreie om det er naudsynt med strengare krav til innhaldsfilter i skolen. Det er opna for skriftlege innspel, og FUG har skrive og sendt inn dette.

Du finn representantforslaget ved å klikke på denne lenka.

Støtte

I det skriftlege innspelet har FUG hovudsakeleg støtta forslaget og har understreka at samarbeidet mellom heim og skole og moglegheit for foreldre til å ha kontroll over korleis elevane brukar einingane sine er viktige punkt i forslaget.

Heile innspelet kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.