
Digitalisering i skulen er ei sak som engasjerer mange, og vi erfarer at foreldre har ulike og til dels motstridande synspunkt. FUG si oppgåve, som den nasjonale foreldrestemma, er å løfte fram utfordringar og moglegheiter i den digitale skulekvardagen basert på foreldra sine ulike synspunkt. Utviklinga innan digital teknologi, og særleg framveksten av kunstig intelligens (KI), påverkar heile samfunnet og vil få stor betydning for barn og unge si oppvekst, læring og framtid.
Det er kommunane i samarbeid med skolane som har ansvaret for å velje digitale løysingar og følgje opp den digitale skulekvardagen til elevane. Opplæringslova § 1-3 slår fast at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen, og opne dører mot verda og framtida. Kommunane og skulane har ei plikt til å sørgje for at foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skulen (§ 10-4), òg når det gjeld val og bruk av digitale og KI-baserte løysingar.
FUG er oppteken av at digitalisering og KI ikkje berre blir forstått som tekniske verktøy, men som utviklingstrekk som har betydning for innhaldet i skulen, undervisningsmetodar og vurderingsformer. Skulen skal førebu elevane på ei framtid der teknologisk kompetanse og rett bruk av KI vil vere viktig. Saman med reine teknologiske ferdigheiter vil grunnleggjande verdiar, kritisk tenking og digital dømmekraft vere essensielt i denne kompetansen.
Når elevane får tilgang til digitale einingar og verktøy gjennom skulen, kan dette gi
positive moglegheiter for barn og unge si faglege opplæring og inkludering, men det kan òg gi utfordringar både på skulen og heime. Digitaliseringa i skulen, og ikkje minst innføringa av kunstig intelligens (KI), inneber krevjande avvegingar mellom elevane sin rett til informasjon, opplæring og ytringsfridom, samstundes som barn og unge har behov for vern, føreseielegheit og trygge rammer. Desse vurderingane bør skje på ein kunnskapsbasert måte og med reell involvering av både foreldre og elevar.
Her kan du sjå kven som sitt i Foreldreutvalet for grunnopplæringa
FUG meiner at:
- Vi som foreldre bør vere like påkopla og nysgjerrige på barna sitt digitale liv og kvardag som vi er på barna sitt «analoge» liv.
- Gratisprinsippet gjeld. Skulane kan ikkje krevje at elevar og foreldre tek på seg større erstatningsansvar for skade på digitale einingar enn elles. Skulane kan ikkje krevje at heimane har internettilgang.
- Skulen skal førebu elevane på ei framtid der teknologiske ferdigheiter er avgjerande. Digitale og KI‑baserte løysingar kan gje nyttige moglegheiter for både bilet‑ og lydstøtte, samt meir individuelt tilpassa undervisning. Dette kan styrkje opplevinga av eit inkluderande læringsmiljø for alle elevar. For foreldre er det viktig at slike verktøy er eit supplement, ikkje ei erstatning, slik at personlege relasjonar framleis utgjer grunnlaget for god undervisning og eit godt læringsmiljø.
- Opplæring i, og refleksjon rundt, informasjonssikkerheit og digital dømmekraft bør få større plass i lærarutdanningane, i profesjonsfellesskapet i skulen, i elevane si opplæring og i samarbeidet mellom skule og heim. For å sikre at digitale ressursar og KI blir nytta på ein etisk, trygg og pedagogisk forsvarleg måte, er det viktig å prioritere kompetanse på dette området for lærarar og lærarstudentar.
- Det bør vere ein føremålstenleg og god balanse mellom digitale og trykte læremiddel i undervisninga. Praktiske oppgåver, samtalar, leik og fysisk aktivitet er viktig, også når ny teknologi blir teken i bruk.
- Aktive grep frå skuleeigar reduserer faren for at elevane blir eksponerte for reklame og anna skadeleg innhald. Kontroll med skulens kommunikasjonsplattformer vil hindre at desse blir ein arena for mobbing, ekskludering og utanforskap. Foreldrekontroll på digitale einingar frå skulen som blir tekne med heim, kan bidra til færre konfliktar rundt skjermbruk på fritida.
- Ein bør vere særleg merksam på korleis KI‑verktøy påverkar yngre elevar, og ta omsyn til barna sin alder og modenheit. Foreldreutvalet ser behov for å ta i bruk tekniske moglegheiter for å justere og tilpasse KI‑verktøya, slik at teknologien støttar læring på ein pedagogisk og aldersadekvat måte.
- Det bidreg til eit godt samarbeid mellom skule og heim når skulen informerer og involverer foreldra om bruken av digitale einingar, KI‑løysingar, plattformer og læremiddel. Ved å involvere foreldra og skuledemokratiet kan skulen òg få nyttige innspel om utfordringar og moglegheiter ved bruk av digitale einingar og læringsplattformer, sett frå eit anna perspektiv.
- Ved å gi foreldre eigen tilgang til digitale einingar og læringsplattformer kan foreldre betre ivareta ansvaret vårt for å delta aktivt i barna si opplæring.
- Skulen bør sørgje for at foreldre får tilgang til opplæring i bruk av skulens digitale løysingar og ressursar, slik at dei kan vere gode støttespelarar for barna sine i det daglege skulearbeidet, og ha god kommunikasjon og samarbeid med lærarane.
- Den nasjonale støttefunksjonen for digitale læremiddel bør samarbeide tett med Læremiddelkatalogen for å sikre at løysingane i skulen oppfyller krav til personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming. Dette samarbeidet kan gje kommunane reell avlasting og sikre at skuleeigarar får enkel tilgang til kvalitetssikra digitale verktøy og relevant kompetanse.
- Det bør etablerast ei felles KI‑løysing som alle skular kan ta i bruk ved behov. Ei felles KI‑løysing kan bidra til å jamne ut skilnader mellom skular og kommunar og sikre at alle elevar får like moglegheiter til å utvikle digitale ferdigheiter i trygge omgjevnader.
- Rettleiarar og råd frå Utdanningsdirektoratet om personvern, informasjonssikkerheit og KI er gode og bør følgjast av skulane, og det bør informerast om desse til foreldra. FUG vil særleg framheve desse:
- Skulane må få støtte og felles rammer for korleis vurdering skal gå føre seg når KI‑verktøy kan løyse mange oppgåver for elevane. Nokre oppgåver mister læringsverdien sin når dei enkelt kan løysast av ein chatbot. Arbeidet med å utvikle oppgåvetypar og vurderingsformer som i større grad fangar opp elevane si eiga fagkunnskap, læringsprosessar, forståing og refleksjon, bør derfor vektleggjast i tida framover.
LES OGSÅ:
FUGs høyringssvar til Skjermbrukutvalet sin rapport
Innspel til rettleiaren Hvordan beskytte elever mot skadelig innhold på nett?