Reglar om å gripe inn fysisk ved uro og psykiske krenkingar

Herværk på skole
Biletet viser et knust vindauge etter herværk på ein skule

FUG støttar ikkje heimlane for å gripe inn fysisk mot elevar slik det er foreslått.

Det var juni i 2024 Kunnskapsdepartementet sende eit framlegg om reglar for fysisk inngripen mot elevar i skulen. Kort fortalt handler det om å gripe inn fysisk for å hindre at ein elev utset nokon for psykiske krenkingar eller vesentleg uroar opplæringa for andre elevar. Dette er ei utviding av reglane som kom med den nye opplæringslova. Desse reglane var på eiga høyring tidlegare.

Seier nei til fysisk inngriping

Det siste høyringsforslaget kom i juni 2024. Foreldreutvalet for grunnopplæringa støttar ikkje denne utvidinga av heimlane for å gripe inn fysisk mot elevar slik det er foreslått.

Heile høyringsnotatet til Kunnskapsdepartementet kan lesast her

Når FUG ikkje støttar dette framlegget, så byggjer det på både praktiske og prinsipielle grunnar. For det fyrste meiner utvalet at ein vil få ein lågare terskel for bruk av fysisk makt enn den som gjeld i heimen. For det andre har ein først heilt nyleg innført reglar i opplæringslova om å gripe inn fysisk, og det er for tidleg å utvide desse allereie før det har gått eit halvt år.

Heile Høyringssvaret til FUG kan lastast ned nedst på sida.

Sjå historikken i saka

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev