Nye reglar om fysisk inngriping mot elevar

Biletet syner fleire elevar på veg inn i eit skolebygg

Biletet syner fleire elevar på veg inn i eit skolebygg

Kunnskapsdepartementet har fremja forslag om reglar for fysisk inngriping frå ansatte i skolen mot elevar. Hensikta er at reglane skal bli ein del av den nye opplæringslova innan denne tek til å gjelde, truleg hausten 2024. Reglane inneheld òg føresegner om førebyggande arbeid og dokumentasjon. Reglane skal òg bli ein del av privatskolelova.

FUG har i dag svara på høyringa av framlegget til lovreglar. FUG har gjeve si støtte til at dette skal regulerast særskild i opplæringslova sjølv om reglane i det store og heile er ei klargjering av dei reglane som gjeld i dag etter anna lovverk.

Heile høyringsnotatet og alle høyringssvara kan ein lese HER.

FUG har fleire spørsmål

I sitt høyringssvar har FUG gjeve si tilslutning til forslaget om å ha eigne reglar for fysisk inngriping mot elevar i opplæringslova og privatskolelova, men utvalet har samstundes stilt nokre spørsmål som dei meiner det er naudsynt å få avklaring på, mellom anna om heimelen for fysisk inngriping blir vidare enn reglane som gjeld i dag og om ikkje nye reglar gjev nye utfordringar med implementering.

Heile høyringssvaret frå FUG kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev