Barne- og familiedepartementet har starta på arbeidet med å gå gjennom barna sitt forbrukarvern i digitale media. Statsråden, Kjersti Toppe, heldt eit innspelsmøte den 17. februar kor fleire aktørar gav viktige innspel til prosessen. Representantar for FUG og FUB følgde møtet, og har sendt inn eit felles innspel etter møtet.
I møteinnkallinga skriv statsråden mellom anna dette:
«Barns forbrukervern handler blant annet om hva slags reklame og kommersielle interesser barn eksponeres for, og hvordan dette påvirker dem. Flere lover utgjør til sammen regelverket for barns forbrukervern. Gjennomgangen vil ta utgangspunkt i gjeldende regelverk og håndhevingsapparat som har betydning for barns forbrukervern i digitale medier, og se etter tiltak på tvers av sektorene som kan styrke barns forbrukervern.»
Du kan lese meir om møtet HER.
Framgangsmåte, personvern og reklame
Både FUB og FUG er uroa for om den framgangsmåten som nå er starta er god nok til å sjå på barna sitt personvern på heilskapeleg vis. Ei av dei store utfordringane i dag er at reglane og handhevinga av dei er spreidd utover eit oppstykka regelverk med mange ansvarlege handhevingsorgan. FUB og FUG har òg peika på den utgreiinga som Personvernkommisjonen har gjort. Uvala meiner at eit forbod mot reklame må gjelde både i barnehagar og i skolar.
Du kan lese heile innspelet nedst på sida.