Rapport frå Personvernkommisjonen

personvernkommisjonen
Bildet syner ein skolepult med ein ipad, eit pennal og skrivesaker.

Rapporten frå Personvernkommisjonen, NOU 2022: 11 – Ditt personvern – Vårt felles ansvar, blei lagt ut på høyring i november 2022. FUG har svara på høyringa.

Kommunal- og distriktsdepartementet fekk Rapporten frå utgreiinga til Personvernkommisjonen den 26. september 2022. Kommisjonen har teke føre seg den samla situasjonen for personvernet i Noreg og har mellom anna gjeve forslag til tiltak for skole- og barnehagesektoren. FUG likar tiltaka som er foreslått.

Heile utgreiinga kan du lese HER.

Dette ser bra ut

FUG støttar dei forslaga til tiltak som Personverkommisjonen har fremja. Vi er særleg glade for forslaga om å setje saman ein nasjonal tjenestekatalog og eit nasjonalt test- og kompetansesenter. Desse tiltaka er egna til å lette på børa for skolane og kommunane som ligg i å vurdere digitale plattformer når det gjeld personvern. FUG deltok i møte med nokre av personane som sat i kommisjonen for om lag eit år sidan.

Heile høyringssvaret frå FUG kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev