Rapporten frå Personvernkommisjonen, NOU 2022: 11 – Ditt personvern – Vårt felles ansvar, vart lagd ut på høyring i november 2022. FUB har svara på høyringa.
Kommunal- og distriktsdepartementet fekk Rapporten frå utgreiinga til Personvernkommisjonen den 26. september 2022. Kommisjonen har teke føre seg den samla situasjonen for personvernet i Noreg og har mellom anna gjeve forslag til tiltak for skole- og barnehagesektoren. FUB likar tiltaka som er foreslått.
Heile utgreiinga kan du lese HER.
Her er det mykje bra
FUB er særleg opptekne av at dei vurderingane som må gjerast ved val og bruk av digitale plattformer i barnehage, både når det gjeld kvalitet og personvern, ofte er så kompliserte og tidkrevjande at det er utenkeleg at kvar kommune og/eller barnehage skal kunne gjere desse kvar for seg. FUB støtter særleg forslaget om utvikling av ein nasjonal tjenestekatalog.
Heile høyringssvaret kan du laste ned nedst på sida.