
Sosialistisk venstreparti (SV) har fremja eit representantforslag om utdeling og bruk av digitale einingar i skolen. Det er opna for skriftlege innspel, og FUG har skrive og sendt inn dette.
Det var stortingsrepresentantane Mirell Høyer-Berntsen og Sunniva Holmås Eidsvoll frå Sosialistisk venstreparti (SV) som fremja eit repsresentantforslag om ein tryggare digital kvardag. Dei to representantane ynskjer at retningslinene frå Utdanningsdirektoratet skal oppdaterast og at regjeringa må utgreie om det er naudsynt med strengare krav til innhaldsfilter i skolen.
Du finn representantforslaget ved å klikke på denne lenka.
Her kan du lese meir om FUG sine meiningar om digitaliseringa i skulen
Støtte
I det skriftlege innspelet har Foreldreutvalet for grunnopplæringa hovudsakeleg støtta forslaget og har understreka at samarbeidet mellom heim og skole og moglegheit for foreldre til å ha kontroll over korleis elevane brukar einingane sine er viktige punkt i forslaget.
Heile innspelet kan lastast ned nedst på sida.