Politikk for nye generasjonar

Lek i skolegården
På biletet ser du elevar som leikar i ein skulegard.

Våren 2026 sende Barne- familiedepartementet ut NOU 2026: 2 Politikk for nye generasjonar. Utgreiinga tek opp problemstillingar knytte til mellom anna låge fødselstal, familieliv og balansen mellom arbeid og omsorg.

I høyringssvaret er FUG særleg oppteke av korleis politikken kan leggje betre til rette for barn, unge og familiar.

FUG peikar mellom anna på behovet for å førebyggje utanforskap og ufrivillig skulefråvær, styrkje samarbeidet mellom heim og skule og gjere det enklare å kombinere arbeidsliv og familieliv. Vi løftar òg fram økonomiske og praktiske rammevilkår for familiar og konsekvensane lågare fødselstal kan få for skular og lokalsamfunn.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.