Ny forskrift om opplæring i Longyearbyen

Jente med nettbrett i klasserommet
Biletet viser ei jente som sit med eit nettbrett

I 2022 kom ei forskrift med avklaringar om kva for reglar i opplæringslova som gjeld for opplæring i Longyearbyen. Då denne var på høyring var FUG kritiske til at rettane for elevane knytt til mellom anna spesialundervisning og tilrettelegging blei skrenka inn i Longyearbyen. Kunnskapsdepartementet har nå høyrt eit forslag til ny forskrift som skal gjelde saman med den nye opplæringslova frå 1. august 2024.

FUG har svara på begge høyringane og har ved begge høva gjeve uttrykk for skepsis og bekymring for at reglane i forskrifta diskriminerer elevar som krev litt ekstra. Du kan sjå HER kva FUG meinte i høyringa i 2021.

HER finn du høyringsnotatet frå departementet.

Framleis uroa

Sjølv om FUG ikkje har fått mange henvendingar frå foreldre etter forskrifta som kom i 2022 er vi framleis uroa for at elevar som treng noko ekstra får eit dårlegare tilbod i Longyearbyen ell dei ville fått på fastlandet.

Du kan laste ned FUG sitt høyringssvar nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev