Barnevernsinstitusjonsutvalet blei oppnemd ved kongelig resolusjon 22. juni 2022. Utvalet har hatt som mandat å vurdere kva for oppgåver, rammer og omfang framtidas institusjonsbarnevern skal ha. FUG fekk utgreinga til utvalet til høyring den 30. oktober 2023 frå Barne- og familiedepartementet. FUG har svara kort på denne høyringa.
Heile utgreiinga kan du lese HER.
Heim-skolesamarbeid når heimen er ein institusjon?
I sitt korte høyringssvar har FUG peika på at skolen sitt samarbeid med heimen er så viktig at ein må leggje særleg til rett for dette for barn og unge som bur i institusjon. For å underbyggje dette har FUG synt til noko av det som Opplæringslovutvalet skriv om heim-skolesamarbeid i NOU 2019: 23.
Du kan lese høyringssvaret til FUG om du følgjer lenka nedst på sida.