
Tre stortingsrepresentantar frå partiet Raudt sette i vår fram eit representantforslag i tre punkt. Eit av desse punkta gjaldt ei kritisk gransking av digitaliseringa i skolen. Dei to andre punkta var knytt til kostnadane ved digitale einingar og spesifikke tema til rettleiar frå Udir.
Du finn heile representantforslaget her.
Ikkje naudsynt
FUG har lenge følgd nøye med på utveklinga kring bruken av skjerm og anna digitalisering i skolen. Det er ikkje så lenge sidan Skjermbrukutvalet leverte sin rapport i NOU 2024: 20, og FUG tykkjer det er unødvendig å setje i gang ei gransking i tillegg til il denne nå. Skjermbrukutvalet peika på fleire høve som burde forbetrast når det gjeld skjerm og digitalisering i skole og ein burde sette ressursane på dette i første omgang.
FUG svara òg på høyringa av rapporten frå skjermbrukutvalet.
Du kan laste ned heile høyringssvaret nedst på sida.