Skjermbrukutvalet. Det digitale (i) livet

foto Colourox. Biletet syner ein elev som løyser oppåver på læringsbrett

FOTO: Colourbox. Biletet viser ein elev som løyser oppgåver på læringsbrett.

Skjermbrukutvalet har jobba i om lag halvanna år på vegne av regjeringa. Utvalet blei nemd opp i juni 2023 med oppdrag om å gje regjeringa betre kunnskap om korleis skjermbruken til barn og unge påverker mellom anna helse og læring. Utvalet la fram utgreiinga si for regjeringa i november 2024. NOU 2024: 20 blei så sendt på høyring med høyringsfrist 11. februar 2025. FUG har svara på høyringa.

Skjermbrukutvalet har òg, ut i frå mandatet dei har fått, gjeve råd til både styresmakter, skolar, barn og foreldre.

Du finn heile utgreiinga frå skjermbrukutvalet HER.

God utgreiing

Foreldreutvalet for grunnopplæringa er i det store og heile samd med Skjermbrukutvalet i deira konklusjonar og forslag til tiltak for å løyse dei problema som skjerm og digitalisering skapar i skolen. Dei har samstundes uttrykt at utvalet burde ha vore tydelegare i nokre av råda sine til skolar, barn og foreldre.

Du kan laste ned heile høyringssvaret frå FUG nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev