Forsikring i skolen

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Forsikring i skolen
Bildet viser en skolepult med en ipad, et pennal og skrivesaker.

Kven skal erstatte utstyr som vert øydelagt, på skolen, på skolevegen eller heime? Dette er spørsmål vi i FUG ofte får frå fortvila føresette. I denne artikkelen vil vi gi deg svar på kva reglar som gjeld, og kven som har ansvar for kva.

Alle elevar har ei ulykkesforsikring som skal dekke nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet.

Når er skolen ansvarleg?

Det er forskjellige reglar knytt til ulikt utstyr, og det er forskjell på eigendelar som tilhøyrar skolen og eigendelar som tilhøyrar elevane. Når det gjeld forsikring i skolen er alle elevar dekt av ei ulykkesforsikring i samsvar med opplæringslova paragraf 13-3b. Dette er skoleeigar som har ansvar å sjå til. Forsikringa skal dekke nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet som folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova ikkje dekker.

Forsikring i skolen gjeld:

  • på skolen i skoletida
  • for SFO og for leksehjelp
  • på vegen mellom heim og skule
  • under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og andre turar som skolen er ansvarleg for
  • under Operasjon dagsverk eller andre elevaktivitetar og mellom heimen og staden der aktiviteten finn stad

Viss ein elev får noko øydelagt i samband med mobbing eller trakassering som skolen burde ha stoppa, viss ein tilsett er uforsiktig, eller viss skolen er aktlaus, kan ein be skolen om erstatning.

Når er skolen ikkje ansvarleg?

Skolen er ikkje ansvarleg for utstyr og ting som elevane har med seg heimanfrå. Difor er det å anbefale at ein ikkje lèt born og unge ta med seg kostbare gjenstandar på skolen. Det er ikkje alltid reiseforsikring eller innbuforsikring gjeld på skolen, så det kan vere lurt å ta kontakt med forsikringsselskapet ditt for å høyre kva som gjeld dersom spesielle gjenstandar eller utstyr må nyttast i skoletida.

Elevar og føresette kan haldast erstatningsansvarlege for skadar elevar påfører skolen sine eller medelevar sine eigedelar. Skolen kan likevel ikkje pålegge elevane eller føresette større erstatningsansvar enn det som følgjer av dei alminnelege erstatningsrettslige reglane.

Born kan haldast ansvarleg for skadar dei har forårsaka forsettleg eller aktlaust. Det skal likevel svært mykje til. Skadeerstatningssakar viser at det er svært få sakar der born vert rekna for å ha opptredd aktlaust. Ved vurderinga av om bornet har opptredd aktlaust, skal det leggast vekt på alderen og modenskapen til bornet. Føresette sitt ansvar er avgrensa oppover til 5000,- kroner per skade.

Skolen kan til dømes halde elevane/føresette ansvarleg for skadar på eller tap av nettbrett som eleven har forårsaka forsettleg eller aktlaust. Reine uhell eller tjuveri, der eleven ikkje har vore aktlaus, kan ikkje skolen krevje erstatning for.

LES ÒG: Uhell med læringsbrettet fra skolen?

LES ÒG: Når skadar oppstår i skoletida eller på skolevegen

I denne artikkelen vil du lære mer om:

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev