Biletet er henta frå framsida av stortingsmelding nr. 34 (2023-2024)
I haust la regjeringa fram ei stortingsmelding om ein meir praktisk skole for betre læring, motivasjon og trivsel. Denne er kalla Ungdomsmeldinga, og tek for seg femte til tiande trinn i grunnopplæringa. Meldinga greier ut om korleis regjeringa vil gjere skolen betre og møte dei utfordringane vi ser i skolen i dag. Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget opna opp for både skriftlege og munnlege innspel.
FUG deltok i munnleg høyring og sende òg inn eit skriftleg innspel i ettertid.
HER kan du lese meldinga.
Smarbeid, laget kring eleven og danning
FUG har gjeve innspel til fleire sider av denne stortingsmeldinga. Mellom anna peiker utvalet på at ein må føre vidare og styrke samarbeidet mellom skole og heim. Samstundes er det naudsynt, slik FUG har peika på, at laget kring eleven utviklast vidare. FUG har òg peika på at kvalitetsutviklingssystemet for skolesektoren må vere eigna til å måle nivået på danning og dømmekraft.
Du kan lese meir om innspela frå FUG dersom du lastar ned heile innspelet nedst på sida.