
Den 6. juni 2025 la Regjeringa fram for Stortinget ei melding om korleis dei ynskjer å arbeide for at barn og unge skal få like moglegheiter for ei trygg oppvekst, og til å utvikle seg, lære, meistre og skape grunnlaget for eit godt liv for seg og sine familiar. Dette er Meld. St. 28 (2024-2025). Den 8. januar møtte FUG-leiar Ståle Sand Kalkvik og FUG-nestleiar Johanne Marie Olaussen i Barne- og familiekomiteen i munnleg høyring og la fram nokre av FUG sine viktigaste meiningar om dette.
Heile meldinga finn du ved å klikke på denne lenka.
Gratisprinsippet og skole-heimsamarbeid
FUG har laga og sendt inn eit skriftleg notat til stortingskomiteen. I sjølve høyringa var det berre tid til å løfte fram nokre av dei viktigaste punkta frå dette. FUG har gjeve si støtte til hovedretninga i stortingsmeldinga og peika særleg på at gratisprinsippet og etterlevinga av dette er ein nøkkelfaktor for å gjere skolen til ein arena for inkludering og like moglegheiter. FUG har òg peika på at fleire tidlegare offentlege utgreingar viser til at samarbeid mellom offentlege instansar og foreldre, ikkje minst skole, er heilt avgjerande for sosial utjamning.
Heile det skriftlege innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.