Tolkelova

FUG har gjeve svar på denne høyringa saman med FUB. Begge utvala set pris på at lova klargjer når og korleis tolk skal nyttast.

Stortinget opna for skriftlege innspel til lova som er foreslått av Regjeringa i Prop. 156 L (2020-2021).

Les heile forslaget frå Kunnskapsdepartementet HER.

Flott med klargjering

FUG og FUB er samde om at lova klargjer når og korleis tolking skal gå føre seg, mellom anna i skolar og barnehagar. Begge utvala set og pris på at lova også skal gjelde mellom norsk tale og norsk teiknspråk, samt tolking mellom norsk og teiknspråka til andre land.

Heile høyringssvaret frå foreldreutvala kan du laste ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Meld deg på vårt nyhetsbrev