Statsbudsjettet 2026

Ståle Kalkvik
Bildet syner FUG-leiar Ståle Kalkvik inne på ein skole.

I år som tidlegare år presenterte regjeringa sitt forslag til eit statsbudsjett i oktober. Det er alltid knytt stor spenning til dei økonomiske prioriteringane staten gjer. FUG deltok også i år i høyringsrunden med både skriftlege og munnlege innspel. Vi fikk også konkrete spørsmål frå fleire av medlemmane i Forskings- og utdanningskomiteen som vi har svara på i eige skriv.

Du kan lese meir om kva FUG tykkjer om regjeringa sitt forslag ved å klikke på lenka nedanfor.

Tiårsjubileum for utarming av skolesektoren.

Ikkje nøgd

FUG har i sine innspel til Stortinget peika på at dårleg kommuneøkonomi gjer det vanskelig å oppfylle elvane sine rettar. Dette gjeld både i skole og i skolefritidsordning. FUG er ikkje nøgd med den samla ramma for skoleøkonomi. FUG har óg mellom anna etterlyst eit alternativ til den nasjonale foreldreundersøkjinga som er satt på vent inntil vidare av UDIR.

Nedst på sida kan du laste ned innspela frå FUG.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.