
Helsedirektoratet har utarbeidd råd for bruk av skjerm blant barn, unge og føresette. Desse er allereie tilgjengelege på Helsedirektoratet sine nettsider, og dei har vore ute på høyring. FUG har gjeve innspel til råda.
Frista for å svare på høyringa gjekk ut 5. oktober.
I denne lenka finn du Skjermråd for barn og unge
«Skjerm er ikkje skjerm», og alt handlar ikkje om skjermtid
FUG har dei seinare åra teke del i ordskiftet knytt til digitalisering og skjermbruk både i og utanfor skolen. Foreldra er viktige førebilete og har stor påverknad på om skjermbruken til borna deira er god. I innspela åre til skjermråda har vi peika på dette. Vi har òg peika på at oppbygginga av råda kring aldersgrupper og skjermtid til ei viss grad kjem i vegen for det gode innhaldet. FUG er i fleire samanhengar òg opptekne av at ein ikkje må skjere all bruk av skjerm over éin kam.
Du kan laste ned heile høyringssvaret frå FUG nedst på sida.