
Regjeringa ynskjer å gjere det obligatorisk for alle ungdomsskolar å tilby arbeidslivsfag som alternativ til framandspråk og har bede UDIR om å utarbeide eit forslag til lovendring. Slik lovforslaget ligg føre, vil det i staden bli valfritt å tilby fordjupning i engelsk, norsk, samisk eller matematikk. Lovforslaget har vore ute på høyring. FUG har svara på høyringa.
Frista for å gje svar gjekk ut 9. desember.
Her kan du lese alt om høyringa
Mykje bra
FUG tykkjer det er ein god ting å gjere det obligatorisk å tilby arbeidslivsfag på ungdomsskolen, men er ikkje heilt samd med UDIR i lovforslaget. Vi er redde for at dette kan gå utover fordjupningsfaga og samisk. Vi har òg peika på at dette berre er eit lite steg i retning av ein meir praktisk og variert skole, og at ein ikkje må stoppe med dette dersom ein yndkjer ein meir praktisk og variert skole for å bidra til læring og motivasjon.
Du kan laste ned heile høyringssvaret frå FUG nedst på sida.