Nasjonale retningslinjer for skulefråvær

Ufrivillig skolefravær
Biletet viser ei jente som er heime frå skulen.

FUG har gitt høyringssvar til nasjonale retningslinjer for førebygging og oppfølging av skulefråvær. Utvalet er positiv til retningslinjene, men meiner enkelte område bør tydeleggjerast for å sikre tidleg innsats, god oppfølging og ein meir likeverdig praksis på tvers av skular og kommunar.

FUG løftar særleg fram betydninga av eit trygt og inkluderande skulemiljø og eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre må bli involverte tidleg når det oppstår teikn til mistrivsel eller fråvær, og kunnskapen deira om eige barn må bli lytta til og teken på alvor.

Vi peikar òg på behovet for god tilrettelegging og relevant kompetanse, og at retningslinjene må følgjast opp slik at dei faktisk fører til endringar i elevane sin skulekvardag.

Les heile høyringssvaret frå FUG her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.