Skal skolen kunne bortvise elevar utan samtykke?

Foreldreutvalget for grunnopplæringen 2024-2027
FUG seier nei til forslaget. På bildet ser du heile Foreldreutvalet for grunnopplæringa 2024-2027.

Regjeringa foreslår at skulen skal kunne bortvise elevar frå den ordinære undervisninga utan samtykke frå eleven eller foreldra, dersom åtferda til eleven går ut over tryggleiken eller læringa til andre elevar. Her kan du lese kva FUG meiner om forslaget.

Dagens opplæringslov og privatskulelov gir få høve til å ta elevar ut av klassen utan samtykke. Skulane kan i hovudsak berre bruke kortvarig bortvising eller krevje permanent skulebyte. No ynskjer regjeringa å gjere om på dette. Regjeringa foreslår at skular framover kan ta elevar som øydelegg for fellesskapet ut av klassen i ein periode og gi dei opplæring ein annan stad – utan samtykke frå eleven eller foreldra.

Heile høyringsnotatet til Kunnskapsdepartementet finn du ved å klikke her            

Tommel ned frå utvalet

FUG støttar ikkje lovforslaget og meiner departementet bør skrinleggje lovendringa. Utvalet oppmodar til ein breiare offentleg debatt om korleis vi som nasjon skal møte komplekse utfordringar i skolen, og understrekar at løysinga ikkje ligg i meir kontroll og segregering, men i å styrkje skolen og hjelpetenestene si evne til å møte elevane sine behov.

FUG etterlyser ei tydeleg satsing på tidleg innsats, god tilrettelegging og tiltak som fremjar meistring i fellesskapet. Dette føreset nok ressursar, rett kompetanse og eit styrkt tverrfagleg lag rundt eleven. Ei slik satsing vil gi skolane betre føresetnader for å førebyggje utfordringar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø for alle.

Heile det skriftlege innspelet frå FUG kan lastast ned nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.