
Dei seinare åra har regjeringa trappa opp retten til 12 timar gratis SFO for skolebarn. Så langt har ikkje dette gjort at ein er sikra plass i SFO om ein ynskjer det. Nå har Regjeringa sett fram forslag om at alle barn ipå 1.- til 4. trinn skal ha rett til gratis SFO 12 timar i veka. Forslaget er ute på høyring, og FUG har svara på høyringa.
Frista for å svare på høyringa gjekk ut i dag 31. mars.
Du finn grunngjevinga og det konkrete lovforslaget HER.
Fryktar at det kan skade kvaliteten i SFO
FUG har i sitt høyringssvar uttrykt støtte til at ein lovfestar ei rett til 12 timar gratis SFO for 1.-4. trinn. FUG syner samstundes til at ei evaluering av rammeplanen for SFO syner at fleire barn, som fylgje av at SFO vert gratis, legg press på kommunane og er eigna til å skade kvaliteten i SFO. Dei har difor peika på at det må gjerast noko meir med økonomi og krav til bemanning og areal før ein kan realisere ei slik ordning.
Du kan laste ned heile høyringssvaret frå FUG nedst på sida.