
I vår starta UDIR arbeidet med eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet om å lage ei oppdatering om stoda i arbeidet med tidleg innsats og individuell tilrettelegging. Fleire instansar har i to ulike omgangar blitt bedne om å bidra til UDIR si innhenting av kunnskap og kome med forslag til tiltak. FUG har svara på begge oppmodingane.
Den første henvendinga til FUG kom i april, og den andre i august. Arbeidet er knytt til Stortingsmelding nr. 6 (2019-2020)som du finn HER.
Vanskeleg kommunikasjon
FUG har handsama den første henvendinga frå UDIR i utvalsmøte. Ein erkjenner at det er vanskeleg å få eit godt heilskapeleg bilete av korleis stoda er i skole på dei felta UDIR etterspør informasjon om. Men eit gjennomgåande trekk som FUG ser, mellom anna ut i frå henvendingar frå einskilde foreldre, er at det lettare blir brot i kommunikasjon og samarbeid mellom skole og heim når situasjonen til eleven krev tidleg innsats og «tettpåskap».
I den andre henvendinga frå UDIR kor dei bed om forslag til tiltak, har FUG melom anna peika på styrking av kartleggingskompetanse i skolen, betre tilgang til tilpassa læremiddel og styrking av elevane og foreldra si medvirking.
Innspela frå FUG kan du laste ned ved å trykke på lenka nedanfor.