Innsats mot negativ sosial kontroll

personvernkommisjonen
Bildet syner ein skolepult med ein ipad, eit pennal og skrivesaker.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet ynskjer innspel til deira forslag om ei ny lov om særskild innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold. Meir spesifikt går forslaget ut på å regulere handsaminga av personopplysningar og deling av informasjon som er underlagt teieplikt. I tillegg er det eit mål med lova å fastsetje eit rettsleg rammeverk for denne innsatsen. FUG har svara på høyringa.

Frista for å gje svar gjekk ut 8. desember.

Her kan du lese meir om høyringa og klikke deg vidare til høyringsnotatet.

Mangfaldsrådgivarar

Høyringa rører ved mange samfunnsområder utanom skolen. I sitt høyringssvar har FUG avgrensa seg til å gje nokre merknadar til ordninga med mangfaldsrådgjevarar i skolen. Særleg har FUG peika på at det er naudsynt med eit system som ikkje påverker tilliten mellom skole og heim i negativ retning når informasjon delast.

Du kan laste ned heile høyringssvaret nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.