Høyringssvar om fråvær for besøk hos skulehelsetjenesta

Den 8. mai sende Kunnskapsdepartementet ut eit forslag om å endre regelverket for fråvær i grunnskulen og vidaregående opplæring på høyring. Målet er at elevar ikkje skal få registrert fråvær når dei er hos skulehelsetenesta

Bakgrunnen for forslaget er mellom anna eit vedtak frå Stortinget, og eit ønske om å sikre at elevar ikkje vel bort viktige besøk hos skulehelsetenesta av frykt for fråvær eller konsekvensar på vitnemålet.

All informasjon om høyringa finn du her.

Endringa kan vere viktig for mange elevar fordi skulehelsetenesta er ein lågterskelarena der born og unge kan få hjelp og rettleiing, både når det gjeld fysisk og psykisk helse.

FUG vurderar at dagens regelverk i praksis kan ha verka mot hensikta si ved å gjere det vanskelegare for elevar å oppsøkje nødvendig helsehjelp. Av den grunn støttar utvalet forslaget om å unnta besøk i skulehelsetenesta frå fråværsføring.

Du kan lese det skriftlege høyringssvaret til FUG nedst på sida.

Meld deg på vårt nyhetsbrev.